Den andre søstera

Sesong etter sesong sit vi klistra til TV-skjermane for å sjå klarsynte lytte til dei døde og formidle meldingar til oss levande. Ei god spøkelseshistorie ser ikkje ut til å gå av moten. Kan vi tru på dei klarsynte?

Død eller levande

I denne boka møter vi tvillingane Simon og Katrin, som kan kome i kontakt med dei døde. Ein underleg mann bankar på døra og ber om hjelp til å finne dottera si. Ho forsvann for over 30 år sidan. Frå brakkene nede i Bekkadalen høyrer dei gjenferdet etter ein tysk soldat spele pianomusikk. Tvillingane veit at det betyr fare.
Det norske Samlaget

Mareritt

Mia, Mattias og mamma flyttar inn i Gravgata 23. Mia leiker i dokkehuset i hagen. Mattias synst det luktar brent der inne. Om natta bråvaknar han av eit skrik.
Ulf R. Amundsen

Litterære gjestebod

Med eigne råvarer som lam frå Janstunet, aure frå Jølstravatnet og mjølk frå dei vestlandske fjordfea på garden, set Christel Eide frå Mitt lille kjøkken saman menyar for våre litterære gjestebod. 

Monster-knipe

Sidan sist har eit tredje monster entra scena: Luddmonster, på svensk. Raggmonster, på norsk. Allereie her syner Tove Bakke si styrke som omsetjar. Det lydsterke, biletrike namnet ligg godt i munnen, er kjekt å lese høgt, herme etter og leike seg med.
Bjørnar Osnes

Som fisken i vatnet

-Mange av tankane mine er bilete, der mykje er visuelt og intuitivt, fortel Inger Lise Belsvik. Det visuelle kjem først for lesaren også. Alle ser før dei les. Særleg barn. Vi kan snakke om møte. Først møter biletet auget. Det skjer når ein vaksen les for barnet. Difor er det også eit møte mellom liten og stor.

I svart, kvitt og hudfargar

- Eg er ikkje så oppteken av å skilje mellom amatørar og profesjonelle i kunsten, Det provoserer meg faktisk, det er eit skilje som gjev rom for mykje snobberi. Eg likar det ikkje. Det er unyansert, ler Frode Gjerløw og vi er tilbake der vi starta: Med ønskjet om å omfamne det komplekse og gje rom for ulike uttrykksformer.

Pling vaken

God natt, Albert Åberg. Klara frå 2018 er klar til å ta over. Ho har eit friskare, meir insisterande språk. Der Albert her enkelt sa: - Pappa, eg må tisse, ropar Klara: –Eg har så masse tiss i kroppen at eg er heilt gul i auga, mamma! Sjå!

Korleis bli kvitt ei veslesøster?

Boka er ei veslesøster i seg sjølv. Storebrødrene har «Roald Dahl» prenta på bokryggen. Dei kvittar seg med brysame bestemødre og dumme foreldre på same måte: Med herleg humor, fantasifulle overdrivingar og med eit forteljarperspektiv som usvikeleg er på barnet si side.
,

Ein arv til å gøyme

I minna frå barndomen kan eg gå inn i det grøne huset og sette meg ved kjøkenbordet, slik eg gjorde når eg var der for å selje lodd eller julehefte.