Til å bli skikkeleg skremd av

I denne boka møter vi tvillingane Simon og Katrin, som kan kome i kontakt med dei døde.

Forfattar: Lars Mæhle
Sjanger: Grøssar
Tittel: Død eller levande
Forlag: Det norske Samlaget

Ein underleg mann bankar på døra og ber om hjelp til å finne dottera si. Ho forsvann for over 30 år sidan. Frå brakkene nede i Bekkadalen høyrer dei gjenferdet etter ein tysk soldat spele pianomusikk. Tvillingane veit at det betyr fare.

Skodde, vind og regn. Eit mørkt arkiv, ei gamal kro, ei krengande hengebru. Lars Mæhle malar fram eit miljø og ei stemning som er skummel i seg sjølv, og som gjev assosiasjonar både til filmar og forteljingar i skrekk-sjangeren.

Kartet på innsidepermen kjenner  lesarane frå fantasy-bøkene, det gjer at teksten klarer seg med færre skildringar. At teksten er full av hint til anna litteratur, historie, film og musikk er også med å kompensere for få ord og korte setningar.

Den enkle forma gjev lesaren plass til å skape si eiga, skumle historie. Teksten minner om noko ein har sett, høyrt eller lest før, og fantasien får spelerom mellom linjene. Slikt kan ein bli skikkeleg skremd av.