Grøss nr. 5

Mia, Mattias og mamma flyttar inn i Gravgata 23. Mia leiker i dokkehuset i hagen. Mattias synst det luktar brent der inne.

Forfattar: Linn T. Sunne
Sjanger: Spenningsbok
Tittel: Mareritt
Forlag: Det norske Samlaget

I samarbeid med Leser søker bok gjev Det norske Samlaget ut serien «Grøss & gru», ei samling lettlesne grøss for ungdom. På vel eit halvt års tid tel serien allereie fem titlar. Bøkene ser ut til å ha ein klar ambisjon om å kombinere den lettlesne forma med litterær kvalitet.

Femte forfattar ut er Linn T. Sunne. Med erfaren og stødig penn forsterkar ho dette inntrykket.

Mia, Mattias og mamma flyttar inn i Gravgata 23. Mia leiker i dokkehuset i hagen. Mattias synst det luktar brent der inne. Om natta bråvaknar han av skriket til ei jente. Kven er ho? Kva vil ho?

«Mareritt» er ei forteljing i balanse. Truverdig nok til å engasjere, skummel nok til å skremme. Forfattaren vekslar saumlaust mellom indre og ytre spenningsdrivarar, og gjer eit høveleg utval mellom klisjèane sjangeren har i verktøyskrinet.

Lett og godt for ungdom er komfortsona i Linn T. Sunne sin forfattarskap. Her er ho på sitt beste. Ho skriv med ein disiplin som syner seg både i korte, spenstige setningar, i taktskifter og variasjon og i mønsteret ho vev kring mysteriet.