Meir mellom himmel og jord?

Sesong etter sesong sit vi klistra til TV-skjermane for å sjå klarsynte lytte til dei døde og formidle meldingar til oss levande. Ei god spøkelseshistorie ser ikkje ut til å gå av moten. Kan vi tru på dei klarsynte?

Forfattar: Laura Djupvik
Sjanger: Spenningsbok
Tittel: Den andre søstera
Forlag: Det norske Samlaget

Ei god spøkelseshistorie ser ikkje ut til å gå av moten.

No satsar Samlaget og Leser søker bok i fellesskap på ein ny serie med lettlesne grøssarar for ungdom, Grøss og gru.

Saman med mor og storesyster Ida flyttar Selma inn i eit avsidesliggjande hus som mora har arva. Selma er klarsynt. Dei døde viser seg for henne.

På loftet finn søstrene mora si platesamling. I kjellaren står ein platespelar. Cyndi Lauper syng «Time after time» som eit omkvede gjennom boka. Saman med rytmen i det korthogde språket skaper musikken ei suggerande stemning som gjev assosiasjonar til David Lynch sin klassikar «Twin peaks».

«Den andre søstra»  er eit godt portrett av ei ung jente som strevar med evnene ho har fått. Som grøssar har forteljinga for mange lause trådar. Eg les boka meir som ein psykologisk thriller med sanselege, skremmande skildringar av Selma sine syn.

Selma er ein truverdig karakter. Det som skjer er sant for Selma. Kan vi tru på dei klarsynte?

Eg trur på Selma.