Oddleiv Apneseth

Om kraft og kjelder

Karl Seglem tjuvstartar Førdefestivalen på Larris scene onsdag kveld. Det siste året har han turnert inn og utland med fullt band og musikken frå det kritkarroste albumet Nunatak. Eit skrik for naturen, blir det omtalt som. -Det er mitt råaste og mest energiske album nokonsinne. Og det sintaste, forklarer Karl Seglem.