Vel noko du likar!

-Skal ein først arbeide så mykje som vi har gjort, må ein i alle fall velje noko ein likar. Eg likar å arbeide med mat, smiler Nina på Nysna framom bakaromnen sin. 

-Eg ringer til Thomas når eg lurer på noko. For eksempel når eg skal lage fiskelefse og ikkje får dei mjuke. Då ringer eg til han. – Eg er ikkje så langt unna, seier han då. – Eg tar meg ein tur.

Vi har ein god kjemi med Thomas. Vi har alltid hatt tru på han, stadfestar Erik Njøsen.

Saman med kona Nina Hjelmeland har han renovert fjøs og hus i det vakre gardstunet under Storehesten. Gaula renn i dovne drag nede i dalbotnen. Ved låvedøra ryk det friskt frå eit lite røykeri. I eimen av eik og bøk får hjortepølsene snart rette smaken til jul.

Inne i bakstekjellaren ligg nysteikte flatbrød under eit klede på bakstebordet. – Slik skal flatbrøda vere, seier Erik glad.  -Sprø og litt tjukke. Mjuke fiskelefser kan du ha for deg sjølv, smiler han ertande til Nina.

Snart kjem Thomas Holme Smådal til gards att. Her har kjøkkensjefen på Pikant skapt mang ei matoppleving for Nina og Erik sine gjester.

-Eg arbeidde på Mo og Øyrane vidaregåande skule, forklarer Nina. Eg la merke til Thomas då han var elev på kokk- og restaurantfag.

Eg likar å arbeide med ungdommar og blir ekstra fascinert av dei som har slikt driv! Thomas hadde arbeidskapasitet til tusen og ein herleg energi.

Han ville skrive ei kokebok, den gongen. Då valde vi å vere hovudsponsor. Alle bileta i boka er tekne her. Sidan har han vel ikkje gløymt oss. Då han var lærling på Gloppen hotell la han personalfestane deira hit til oss. Så laga han eit spennande matkonsept saman med ein kollega. Han prøvde å finne ein stad å arrangere dette heime i Naustdal. Ingen beit på. Men det gjorde vi!  Vi har ikkje angra på eit einaste samarbeid, og gler oss til han kjem att, smiler Nina og Erik.

-Vi har fått gjort mykje med husa, seier Nina når vi går over tunet. – Det gamle bustadhuset er restaurert med fem bad og sengeplass til ti gjester.

– Fjøsen var i dårleg forfatning då vi tok over, og ingen av oss hadde interesse av å drive med dyr, held Erik fram.

Eg kjende på presset om å bygge ny driftsbygning, men eg er glad for at eg stolte på meg sjølv og let det vere. Den fjøsen hadde stått tom i dag.

Ein flat åtti-talsbygning med to store betong-siloar. Det ville ikkje vore særleg pent, slår Erik fast. – No er den gamle fjøsen i staden restaurert som selskapslokale.

Fasaden på den gamle driftsbygningen har eit lekkert, men dempa arkitektonisk uttrykk ein bit seg merke i som gjest. Har de hatt nokon til å teikne for dykk, må eg spørje. – Ja, det var Yngve som hjelpte oss med fjøsen, forklarar Erik. Yngve Brakstad er arkitekt og gründer på ein av dei andre gardane som har satsa på reiseliv, mat- og kulturopplevingar i Bygstad, på Åmot.

-Vi dreg lasset i lag her i bygda, utdjupar Nina.

-Vi var mange som satsa på same tid gjennom eit prosjekt som vart kalla Vikingfjord:  Tønna, Rytne, Osen, Åmot og vi her på Nysna. Vi var ikkje konkurrentar, vi samarbeidde. Vi hjelpte kvarandre for å levere komplette produkt til gjestene. Det var ei fantastisk tid. -Eg hugsar vi var på ein inspirerande studietur til Italia, mimrar Nina. – Nei, ikkje til Italia, rettar Erik. – Til Spania. – Ja, det stemmer at vi var til Spania, saman. Men eg var også til Italia, seinare, ler Nina.

-Ein gong fekk vi tilskot frå Innovasjon Norge, då måtte vi skrive ned kor mange timar vi arbeidde. Då vart vi litt skremde. Det var for mykje. Ikkje rart det kunne gå surr i studieturane.

Eg hugsar ein syttande mai, då låg eg oppe på loftet her og drog på gammal isolasjon.

Det vart for travelt. Vi skulle nok tatt oss meir fri, medan ungane var små, seier Nina stille.

Inne i selskapslokalet i den gamle verkstaden fortel Erik om då faren og brørne dreiv med bøkring der, om vinteren. – Far min var ein mangesyslar. Han dreiv med alt muleg. Han hadde folk i arbeid her inne. Det var vintra-arbeid å lage tønner. Dei vart sende til Bergen, med jektene ute i fjorden. No kjem gjestene andre vegen.

– Vi har all slags gjester, men ein jentegjeng frå Bergen inspirerte meg litt ekstra, fortel Nina. – Dei kom for å gå på Storehesten, saman. Dei leigde heile huset, kosa seg med god mat og drikke hjå oss, men målet for turen var naturopplevinga – den spektakulære fjellturen. No gjer vi damene her i Bygstad det same.

Den første helga i september reiser vi kvart år til ein stad med eit flott fjell og ein flott stad å bu. Det har gjestene lært oss at vi skal ta oss tid til.

Når Nina og Erik er vertskap for «Med bonden til bords -Pikant smak av Gaular» tysdag 16. november, er bøndene ved bordet mellom dei som har krumma nakken og bygd nye driftsbygningar. Ikkje på åttitalet, men på 2000-talet.

Ytst på Laukeland med utsikt mot fossen og fjorden ligg Knut Arne Laukeland sin gard med ikkje berre ein, men to nye driftsbygningar. Ein til mjølk og storfe og ein til sau. – Dei ville eg skulle bygge endå større, men eg stod på mitt. Dette var passeleg for meg, og det har gått bra.

Eg har satsa mest på fjøsen. Eg har ikkje satsa fullt så mykje på traktoren.

Knut Arne viser oss den einaste traktoren han har. Ikkje så stor, ikkje heilt ny. – Eg klarer meg med denne, slår han fast. På turen mot Laukeland går murar og stiar rad i rad i eit vakkert kulturlandskap som opnar seg mot fjorden. Dette er ikkje ein stad for store traktorar, det skjønar vi.

-Eg hadde bygd igjen, det hadde eg. Men eg hadde kanskje ikkje bygd fullt så stort, seier kollega Ole Magnus Mo. – Eg heiar på mangfaldet, men det er heiltidsbøndene som er ryggrada i det norske landbruket. Det må vere muleg å leve av og i yrket, understrekar han. Ole Magnus driv mjølk- og kjøtproduksjon ved Osen i ein fjøs så vakker at ein må snu seg når ein køyrer forbi. Ofte ser ein kyrne beite ute på dei flate, grøne markene som breier seg mildt ut framom dei steile og uregjerlege fjella.

Ein staseleg allé helsar velkomen til gards.

-Reis og ta deg ei utdanning! Far min oppmoda meg sterkt om det, så eg drog, fortel Ole Rune Døskeland.  – Då eg valde å komme tilbake, var eg opptatt av å skape ein heim der ungane våre kunne vekse opp i eit mangfaldig og godt miljø. Vi har høner, hestar, sauer, kaniner, katt, marsvin – og høner: God hønevelferd, gulare plommer, ferskare egg – vi har eit produkt vi er stolte av å levere.

Like viktig er det at eg får lov til å lære ungane mine det same som far min lærte meg: Gleda over å delta i eit arbeidsfellesskap og skape noko saman.

Mi oppgåve er å utvikle garden, ikkje avvikle den, smiler han framom det moderne hønsehuset som hyser 7500 frittgåande høner.

Herifrå ser vi elva, hyttene og granene. Alt i kring oss er føter å stå på, i ei framtid for nye generasjonar på Døskeland.