Gull i kultur og kokkekunst

Visst er han verdsmeister i kokkekunst, men på lista over prisar og utmerkingar stoppar Terje Ness opp ved kulturprisen frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. – Den kan eg takke Lidvin Osland for. Han forstod det, lenge før dei fleste av oss:  Mat er kultur.

Terje Ness heldt det innleiande inspirasjonsforedraget då Møteplass Mat vart arrangert på Fretheim hotell i Flåm måndag 25. oktober. Nærare nitti deltakarar fekk høyre om korleis barndomsminna frå bestemora sitt kjøkken på Jølster framleis inspirerer stjernekokken i arbeidet.

– Sosekjøt, fiskelefse, raspekaker og trollkrem. Tradisjonsmaten er ein bærebjelke, for meg.

Rakfisk frå Jølster, hjort frå Svanøy, pinnekjøtt frå Hardanger og julepølser frå Voss er mellom favorittane i Ness sitt råvare-register, for ikkje å gløyme: Russiske erter!

Ein leverandør overraskar: – Nortura i Førde er fantastiske på storfe. Alt treng ikkje vere småskala og frå nisje-marknaden, understreka Terje Ness.

-Ver stolt av det du kan! Og hald fram med å leite etter lokale skattar.

Sjølv kjenner han seg stolt over å samarbeide med dyktige produsentar frå Vestlandet. Fersk, levande sjøkreps frå Sognefjorden var hans utvalde råvare denne formiddagen; Levert på kjøkkenet i elleve-tida og forvandla nydelege munnfullar ved lunsjbordet ein time seinare, saman med ei overflod av lokale spesialitetar.

– Håpar det smakte, avslutta Terje Ness med eit lunt smil.

– Vår oppgåve som kokkar er å halde matkulturen levande og bringe den vidare. På Bro vil vi knyte band mellom leverandørar av lokalmat og restaurantar i regionen, ikkje berre vår eigen, men til fleire.

Det er ikkje lenger så viktig for meg å stå her og skine, forklarte Ronny Kolvik, i skuggen av ein solskinsmorgon med dagens fangst levert på Brosundet, ved restaurant Bro i Ålesund.

-Vi vil bidra til noko som er større enn oss sjølve. Byen vår skal vere ein god stad å ete, bu og jobbe. Det er vår visjon, forklarte Kolvik.

Så fekk vi reise langs Sognefjorden, i ord og bilete. Til Otternes, Solvorn og Skjolden. Ei rikare reise, ja visst!

(Foto frå Pop up Norge, Kvitabui og Skjolden hotell sine heimesider)

Eg laut ta på heimveg då sider-flaskene frå Balestrand kom på bordet i kveldinga, men i bilen tok eg meg sjølv i å synge høgt, oppover Sogndalsdalen og heim gjennom tunnellane.

Takk og til lukke, til arrangørane i Matarena som brubyggjar mellom bønder, reiseliv og restaurantar.

Møteplass Mat stod til gull!