– Eg kan ikkje tenkje meg noko finare enn å kome meg ut på vatnet i grålysninga

Eg har vore oppe i fem-tida kvar dag i ein månad. I år hadde vi tidleg snøsmelting og fekk ein lang sommar med mykje næring i vatnet. Kanskje er det difor fisken har vore spesielt fin i år, – blank og feit, sterk og i god kondisjon, fortel Finn Årdal dagen etter at garnfisket i Jølstravatnet er avslutta for sesongen. 

15 fiskarar leverer fangsten sin på fiskemottaket hans i Årdalen på Jølster. Arbeidsdagane strekkjer seg mot tolv timar, sju dagar for veka i august og september.

Det finst ikkje fiskevatn heile Nord-Europa som kan måle seg med Jølstravatnet.

Finn Årdal er entusiastisk, men nøktern på same tid. Han forklarar korleis ein kan fiske ut opp mot 15 tonn aure i året, mykje fordi fisken ikkje konkurrerer med andre artar. -Eg trur eg er den største leverandøren av villfanga aure i landet. Eg bestemte meg tidleg for å satse på få produkt og finne mi nisje. Det har fungert godt, eg hentar ut ei timelønn eg er fornøgd med.

Eg har høyrt fortalt om bønder som i tida etter krigen hadde så gode attåt-inntekter frå fisket i vatnet at dei bygde driftsbygningar utan å låne pengar. Kan det verkeleg stemme?

-Ja i gullalderen på 50 og 60-talet var det nok fleire som bygde både fjøsar og hus med fiskepengar, stadfestar Finn Årdal. Fisken var ikkje berre aleine i vatnet, han var aleine i marknaden og. Då oppdretts-fisken kom i butikken vart det brått slutt på dette, og fisken vart vanskeleg å omsette. No kjem det seg. Folk har fått augene opp for villfisken som berekraftig ressurs og råvare. Reinare kan det vel knapt bli? Men å selje Jølstra-aure til jølstringane er som å selje sand i Sahara, ler Finn.

Fisken vert for ein stor del frakta austover og sørover til delikatessebutikkar og resturantar i Oslo og Bergensområdet. Der vert Jølstra-auren forvandla til all slags lekre rettar. Vi som er vande med å ete han avkokt frå salta vatn, har eit smakseventyr i vente om vi fylgjer auren på reisa frå fiskemottaket i Årdalen.