– Det handlar om å lage seg eit liv som er godt å leve.

Per Ravndal legg nevane rundt kaffikoppen som har kolna medan haustfargane grånar i skumringa utanfor kjøkkenglaset i Etterlida øvst i Sundsdalen. Han ser mot kona Ingeborg Grimseth Ravndal som nikkar stille.

I ein times tid har vi site kring kjøkenbordet og prata. Om kyr og kalvar, om innmark og utmark, om mørning og marmorering, om samvirke og kilopris. Ungdommane i huset har kome frå skule og jobb, funne vegen forbi oss til grytene på komfyren, henta seg varm middag og sett kjeralda i oppvaskmaskina etter kvart. Som gjest i huset får eg ei kjensle av å vere komen inn i ein god heim.

Eg er sikker på at det snur. Det er like før det snur, no.

Per Ravndal fortel engasjert om endringane som rører seg kring landbruksnæringa. Sjølv har han og familien snudd skuta for fleire år sidan. Eg har alt vore innom i den nye kaldfjøsen i tunet og helst på kalvane, før eg fann vegen til det vakre gardshuset ved vatnet bortanfor. Rolege, nyfikne og venleg avventande tok dei merksamt i mot eit uventa besøk. Eg fekk same kjensla der i fjøsen, som no på kjøkkenet, litt seinare. Kjensla av å vere komen inn i ein god heim.

For fem års tid sidan tok Per Ravndal og familien valet om å avslutte mjølkeproduksjonen på garden. Kring 135 tusen liter kvote vart leigd ut.–

Nei, vi selde ikkje. Det gjorde vi ikkje, sjølv om vi hadde mulegheita og det ville ha vore gode pengar. Mjølkekvoten er ein ressurs på garden. Tidene forandrar seg og vil forandre seg på nytt. Ein veit aldri, seier Per og får støtte frå Ingeborg.

-Hereford er ein fantastisk rase! Tillitsfulle, kjekke dyr. Gode mødre, lette kalvingar. Nøysame og flinke på beite. Halve året er dei ute, ja ofte meir. Nedover mot Viestøylane, innover mot Skilbrei. Det dreier seg om tusenvis av mål med utmarksbeite der det ikkje har vore storfe på tjue, kanskje tredve år! Vi ser det allereie, det har blitt grønare og opnare. No har vi sett inn kalvane, men mødrene skal ut att, bort på hi sida av vatnet. Ein lukkeleg okse får vere med, smiler Ingeborg.

Vi sender til slakt på Nortura i Førde. Vi er heldige som har eit førsteklasses slakteri i nærområdet. Skrottane heng til lenge til møring. Deretter parterer og pakkar slakteriet alle produkta for oss. Vi kjøper denne tenesta frå Nortura, vi snyt ikkje samvirket sjølv om vi driv med nisjeproduksjon.

Vi snyt berre Rimi-Hagen, men han snyt vi ganske grundig. Meirprisen vi kan ta ut, utan dette fordyrande mellomleddet, gjer at botnlinja i økonomien på garden er like god. Kvardagen derimot, er heilt annleis.

Eg har forresten lyst å byrje med svartfjes, seier Ingeborg plutseleg og ivrig. Lamminga med norsk, kvit sau er kort sagt arbeidskrevjande. Med vårvinna i same tida, vert det travelt. Sauer av rasen svartfjes er dessutan mykje meir fotogene! Det har faktisk ein del å seie, smiler ho lurt. – Eg tenkjer at det er fornuftig, svarar Per nøkternt. Dersom det er ei endring Ingeborg er motivert for, vil eg støtte ho, for eg vil ha ho her, saman med meg, slår han fast.

-Skal du mot Jølster igjen, spør dei då eg er på veg ut. Yngsteguten skal på fotballtrening, kan han få sitje på? I bilen går praten lett. – Eg trur pappa har det betre no, seier Elias. – Visst vi er på besøk, for eksempel, kan vi berre vere så lenge vi vil. Han treng ikkje reise heim for å mjølke midt i besøket.

Eg? – Nei, eg skal bli politi, smiler lysluggen i passasjersetet.

Ein god heim, tenkjer eg på nytt. Der det handlar om å lage seg liv som er gode å leve. Både no og i framtida. Både for folk og dyr.