, ,

Fransk aften med film, mat og vin.

Når bygdekinoen kjem til Svidal grendehus med filmen "Pot eu feu", laurdag 23. mars inviterer  Vårvon ungdomslag til etterfest med mat og vin a la Frankrike.
, , , ,

Ei smaksreise i Astrup sitt rike

Auren blenkjer under vassflata, rabarbraen lyser i sommarhagane. Bygda under breen er grøn i sommarsol, grøn i sommar-regn. Kvar solstråle, kvar vassdrope har si oppgåve i naturen. På bøen, i skogen, i dalen og på fjellet gjev lyset og vatnet liv til landskapet vi lever i og haustar frå.
,

Om draumar og lys

Korleis kan vi eigentleg vite kva som er viktig for oss å gjere? Kva vi har aller mest lyst til? Kva vi må få gjort før vi skal døy? Nei, det er ikkje alltid så lett, men eit triks kan vere å dagdrøyme. Har du prøvd det?
, , ,

Vel noko du likar!

Skal ein først arbeide så mykje som vi har gjort, må ein i alle fall velje noko ein likar. Eg likar å arbeide med mat, smiler Nina på Nysna framom bakaromnen sin. 
, ,

Gull i kultur og kokkekunst

Terje Ness heldt det innleiande inspirasjonsforedraget då Møteplass Mat vart arrangert på Fretheim hotell i Flåm måndag 25. oktober. Nærare nitti deltakarar fekk høyre om korleis barndomsminna frå bestemora sitt kjøkken på Jølster framleis inspirerer stjernekokken i arbeidet. – Sosekjøt, fiskelefse, raspekaker og trollkrem. Tradisjonsmaten er ein bærebjelke, for meg.
, ,

– Det handlar om å lage seg eit liv som er godt å leve.

-Hereford er ein fantastisk rase! Tillitsfulle, kjekke dyr. Gode mødre, lette kalvingar. Nøysame og flinke på beite. Halve året er dei ute, ja ofte meir. Nedover mot Viestøylane, innover mot Skilbrei. Det dreier seg om tusenvis av mål med utmarksbeite der det ikkje har vore storfe på tjue, kanskje tredve år! Vi ser det allereie, det har blitt grønare og opnare.
, ,

Med bonden til bords

Med bonden til bords vil skape lokale matopplevinger der publikum får møte bøndene og høyre historia om råvarene som ein del av vertskapen kring måltidet. Svidal skriveri formar forteljingane om arbeidet frå jord til bord. Slik byggjer vi forventning til matopplevinga og forståing for vilkåra som gjeld for å hauste ei rein råvare frå eit landskap som vårt.
Knut Utler

Med kraft til å forandre

"At vi bevegar publikum. I hjartet. At ein kan få opplevingar som så sterke at ein faktisk blir forandra. Kunst og kultur er ikkje toppen av kransekaka, det er fundamentet i vår sivilisasjon. Å sjå musikarar komme saman på nye måtar og bevege publikum. Det er det største." - Hilde Bjørkum

Et moltene sjølv

- Eg vil prøve å skape ei større oppleving, ei oppleving det skal vere verdt å betale for. På den måten kan gjestene mine og eg vise bonden at vi verdset både opne kulturlandskap, god dyrevelferd og ei berekraftig ressursforvalting, seier kokk Thomas Holme Smaadal.

JoJo

Norsk barneblad har hatt teikneseriar for born på trykk i 112 år. Figurar som Smørbukk og Annika har gjeve ungane gode litterære barndomsopplevingar fram gjennom tidene. Jojo er ein verdig arvtakar.

Grendehusa som litteraturhus

Den rike kulturhistoria i bygda vår kviler på ein lang tradisjon for å vere lesande og skrivande. Med støtte frå Nasjonalbiblioteket, Fritt ord og  Norsk kulturråd utviklar vi dei lokale grendehusa som scener for litteraturformidling.
,

Med usynleg skrift

Kanskje er ikkje boknatta ein verdskjend litteraturfestival, men vi som er her veit at den er vel verdt å kjenne til og komme tilbake til – nesten som i songen: Når du en gang kommer, neste sommer skal vi atter vere her, eller som i den jødiske helsinga: Neste år, i Jerusalem. Har du først vore i bokbyen, kjem du att. Neste år, i Fjærland. Bøkene bind oss til denne staden, og til kvarandre.

Skalla

Det magiske sjukehuset er like ekte som det medisinske. Forteljinga spelar på den fine evna barna har til å gå inn og ut av leik og draumar, utan å ta stilling til kva som skjer i røynda og kva som skjer i fantasien.

Pølsetjuven

Som lesar får du leggje augo på noko du ikkje har sett før. Bodskapen derimot, er ein klassikar: Alle er forskjellige, men inni er vi like. Kven drøymer ikkje om å vere noko anna?

Rabarbratunet – buplass for fleire bønder

Borna i tunet ser etter dyra våre på fjellet om sommaren og besøker dei i fjøsen om vinteren. I skogen bak tomtene ligg eit stort felles friareal for hagebruk og grønsaksdyrking. Rabarbraplantene trivst godt her allereie, området er sørvendt og grøderikt.

Stjernelag til Jølster

For 150 år sidan gav Elias Blix ut dei første nynorske salmene i heftet «Nokre Salmar, gamle og nye.» I november blir det feira med ei moderne tolking levert av musikarar og formidlarar frå øvste hylle: Marte Eberson, Mats Eilertsen, Siv Øyunn Kjenstad, Tore Brunborg og Frank Kjosås!

Om bibel og bygdeliv

Gjennom program-rekkja "Litteratur i grendehuset" har Jølster bibliotek og Rom for ord i fleire år samarbeidd om å bruke grendehusa på Jølster som våre litteraturhus. Endeleg er turen komen til Myklebust. Det vakre, gule huset ligg heilt nede i strandkanten ved Jølstravatnet. Når du ser ut glaset får du kjensla av å sitje i ein båt. Den originale astrupfana ber bibelordet: «Eit godt tre ber god frukt». Det høver godt for programmet denne kvelden