, ,

Med bonden til bords

Med bonden til bords vil skape lokale matopplevinger der publikum får møte bøndene og høyre historia om råvarene som ein del av vertskapen kring måltidet. Svidal skriveri formar forteljingane om arbeidet frå jord til bord. Slik byggjer vi forventning til matopplevinga og forståing for vilkåra som gjeld for å hauste ei rein råvare frå eit landskap som vårt.
, ,

Fransk aften med film, mat og vin.

Når bygdekinoen kjem til Svidal grendehus med filmen "Pot eu feu", laurdag 23. mars inviterer  Vårvon ungdomslag til etterfest med mat og vin a la Frankrike.
, , , ,

Ei smaksreise i Astrup sitt rike

Auren blenkjer under vassflata, rabarbraen lyser i sommarhagane. Bygda under breen er grøn i sommarsol, grøn i sommar-regn. Kvar solstråle, kvar vassdrope har si oppgåve i naturen. På bøen, i skogen, i dalen og på fjellet gjev lyset og vatnet liv til landskapet vi lever i og haustar frå.
,

Om draumar og lys

Korleis kan vi eigentleg vite kva som er viktig for oss å gjere? Kva vi har aller mest lyst til? Kva vi må få gjort før vi skal døy? Nei, det er ikkje alltid så lett, men eit triks kan vere å dagdrøyme. Har du prøvd det?
, , ,

Vel noko du likar!

Skal ein først arbeide så mykje som vi har gjort, må ein i alle fall velje noko ein likar. Eg likar å arbeide med mat, smiler Nina på Nysna framom bakaromnen sin. 
, ,

Gull i kultur og kokkekunst

Terje Ness heldt det innleiande inspirasjonsforedraget då Møteplass Mat vart arrangert på Fretheim hotell i Flåm måndag 25. oktober. Nærare nitti deltakarar fekk høyre om korleis barndomsminna frå bestemora sitt kjøkken på Jølster framleis inspirerer stjernekokken i arbeidet. – Sosekjøt, fiskelefse, raspekaker og trollkrem. Tradisjonsmaten er ein bærebjelke, for meg.
, ,

– Det handlar om å lage seg eit liv som er godt å leve.

-Hereford er ein fantastisk rase! Tillitsfulle, kjekke dyr. Gode mødre, lette kalvingar. Nøysame og flinke på beite. Halve året er dei ute, ja ofte meir. Nedover mot Viestøylane, innover mot Skilbrei. Det dreier seg om tusenvis av mål med utmarksbeite der det ikkje har vore storfe på tjue, kanskje tredve år! Vi ser det allereie, det har blitt grønare og opnare.

Stjernelag til Jølster

For 150 år sidan gav Elias Blix ut dei første nynorske salmene i heftet «Nokre Salmar, gamle og nye.» I november blir det feira med ei moderne tolking levert av musikarar og formidlarar frå øvste hylle: Marte Eberson, Mats Eilertsen, Siv Øyunn Kjenstad, Tore Brunborg og Frank Kjosås!

Om bibel og bygdeliv

Gjennom program-rekkja "Litteratur i grendehuset" har Jølster bibliotek og Rom for ord i fleire år samarbeidd om å bruke grendehusa på Jølster som våre litteraturhus. Endeleg er turen komen til Myklebust. Det vakre, gule huset ligg heilt nede i strandkanten ved Jølstravatnet. Når du ser ut glaset får du kjensla av å sitje i ein båt. Den originale astrupfana ber bibelordet: «Eit godt tre ber god frukt». Det høver godt for programmet denne kvelden