, ,

Fransk aften med film, mat og vin.

Når bygdekinoen kjem til Svidal grendehus med filmen "Pot eu feu", laurdag 23. mars inviterer  Vårvon ungdomslag til etterfest med mat og vin a la Frankrike.
, , , ,

Ei smaksreise i Astrup sitt rike

Auren blenkjer under vassflata, rabarbraen lyser i sommarhagane. Bygda under breen er grøn i sommarsol, grøn i sommar-regn. Kvar solstråle, kvar vassdrope har si oppgåve i naturen. På bøen, i skogen, i dalen og på fjellet gjev lyset og vatnet liv til landskapet vi lever i og haustar frå.
, , ,

Vel noko du likar!

Skal ein først arbeide så mykje som vi har gjort, må ein i alle fall velje noko ein likar. Eg likar å arbeide med mat, smiler Nina på Nysna framom bakaromnen sin. 
, ,

Gull i kultur og kokkekunst

Terje Ness heldt det innleiande inspirasjonsforedraget då Møteplass Mat vart arrangert på Fretheim hotell i Flåm måndag 25. oktober. Nærare nitti deltakarar fekk høyre om korleis barndomsminna frå bestemora sitt kjøkken på Jølster framleis inspirerer stjernekokken i arbeidet. – Sosekjøt, fiskelefse, raspekaker og trollkrem. Tradisjonsmaten er ein bærebjelke, for meg.
, ,

– Det handlar om å lage seg eit liv som er godt å leve.

-Hereford er ein fantastisk rase! Tillitsfulle, kjekke dyr. Gode mødre, lette kalvingar. Nøysame og flinke på beite. Halve året er dei ute, ja ofte meir. Nedover mot Viestøylane, innover mot Skilbrei. Det dreier seg om tusenvis av mål med utmarksbeite der det ikkje har vore storfe på tjue, kanskje tredve år! Vi ser det allereie, det har blitt grønare og opnare.
,

Om draumar og lys

Korleis kan vi eigentleg vite kva som er viktig for oss å gjere? Kva vi har aller mest lyst til? Kva vi må få gjort før vi skal døy? Nei, det er ikkje alltid så lett, men eit triks kan vere å dagdrøyme. Har du prøvd det?
, ,

Med bonden til bords

Med bonden til bords vil skape lokale matopplevinger der publikum får møte bøndene og høyre historia om råvarene som ein del av vertskapen kring måltidet. Svidal skriveri formar forteljingane om arbeidet frå jord til bord. Slik byggjer vi forventning til matopplevinga og forståing for vilkåra som gjeld for å hauste ei rein råvare frå eit landskap som vårt.
, ,

Eg kan ikkje tenkje meg noko finare enn å komme meg ut på vatnet i grålysninga

I gullalderen på 50 og 60-talet var det nok fleire som bygde både fjøsar og hus med fiskepengar, fortel Finn Årdal. - Fisken var ikkje berre aleine i vatnet, han var aleine i marknaden og. Då oppdretts-fisken kom i butikken vart det brått slutt på dette, og fisken vart vanskeleg å omsette. No kjem det seg. Folk har fått augene opp for villfisken som berekraftig ressurs og råvare. Reinare kan det vel knapt bli?
Ulf R. Amundsen

Litterære gjestebod

Med eigne råvarer som lam frå Janstunet, aure frå Jølstravatnet og mjølk frå dei vestlandske fjordfea på garden, set Christel Eide frå Mitt lille kjøkken saman menyar for våre litterære gjestebod. 
,

Ein arv til å gøyme

I minna frå barndomen kan eg gå inn i det grøne huset og sette meg ved kjøkenbordet, slik eg gjorde når eg var der for å selje lodd eller julehefte.

Rabarbratunet – buplass for fleire bønder

Borna i tunet ser etter dyra våre på fjellet om sommaren og besøker dei i fjøsen om vinteren. I skogen bak tomtene ligg eit stort felles friareal for hagebruk og grønsaksdyrking. Rabarbraplantene trivst godt her allereie, området er sørvendt og grøderikt.