Ei smakreise i Astrup sitt rike

Auren blenkjer under i vassflata, rabarbraen lyser i sommarhagane. Bygda under breen er grøn i sommarsol, grøn i sommar-regn. Kvar solstråle, kvar vassdrope har si oppgåve i naturen. På bøen, i skogen, i dalen og på fjellet gjev lyset og vatnet liv til landskapet vi lever i og haustar frå.

Smak sola, smak regnet. Smak breen, smak elva. Smak fjellet, smak dalen, smak skogen. Smak Jølster saman med oss. I sommar inviterer vi deg til ei smaksreise i Astrup sitt rike.

Frå Jostedalsbreen til Jølstravatnet finn vatnet sine vegar i landskapet.

På smaksreisa gjennom Jølster slår vi fylgje med vatnet og finn spor etter levemåtar gjennom tidene. Alt vi trong fanst i dalane og langs strendene. Landet var lunt og jorda var lett å dyrke. Vi heldt husdyr og sådde korn. Åkrane kring tuna var mange og små, men dalane og viddene i fjellet var endelause.

Reisa går først austover frå Skei langs Kjøsnesfjorden til Søgnesand.  Namnet kjem truleg av «vegen til Sogn» og spor etter vikingar fortel at vegen har vore brukt lenge. Vegen til Søgnesand er likevel ikkje nokon allfarveg. Ikkje ein gong alle Jølstringar har vore her. Vegen fortel om vilje, vilje sterkare enn stein. Vilje til å bu og leve her.

– Når eg ser ut glaset, på fjella, fjorden og breen, tenkjer eg på at her inne i Kjøsnesfjorden har vi klart å skape eit levebrød ved å bake slik besta bakte. Då gløymer eg at eg somme tider vert lei av å kjevle.

Besta budde i dette huset. No er det vårt bakstehus. Eg trur ho hadde vore kry over oss, smiler Hilde Søgnesand som saman med Anne-Grete Førde eig og driv Jølster bakst.

Foto: Line Hårklau

– Vi sel alt vi lagar, utdjupar Anne-Grete. Vi kunne sikkert baka meir, tilsett fleire, utvida og modernisert? Nei, vi trivst med drifta i bakeriet slik den er. Vi driv også gard, begge to. Hilde og familien har geiter her på Søgnesand og vi har mjølkekyr i Førs.

-Små kornåkrar kring tuna og store beiteland i fjella har lagt grunnlaget for utviklinga av ekte mat-handverk på gardar som våre, heilt frå middelalderen og framover mot vår tid.

Tradisjonsbaksten er mykje meir enn kjevling, steiking og baking. Handverket fortel om berekraftige levemåtar eg trur vi har bruk for å lære meir om, seier Anne-Grete Førde.

Foto: Line Hårklau

Potetkaker, lefser eller natronkaker, ferske på steiketakka. Varme i den friske brisen frå breen. Alt Hilde og Anne-Grete fortel om, finst i smaken som ventar oss på Søgnesand.

No går turen vidare langs heile den vidgjetne sørsida av Jølstravatnet.

Ikkje så fort, for vegen er smal. Torvgardar, slåtteeng, beitemark og hasselhagar. Styva selje, styva rogn og einebakkar. Alt kan vi få auge på, når vi veit at det finst. Kulturlandskapa fortel om god ressursforvalting gjennom fleire hundre år, lenge før slike ord fanst. I ein av dei bratte bakkane vi dreg sakte forbi, ligg Astruptunet.

Den unge kunstnaren Nikolai Astrup kjøpte småbruket på Sandalstrand i 1912. I dei neste ti åra grov, planta og bygde han om den vesle husmannsplassen frå det nærast ulevelege til ein edens hage for sjølvhushald til kona Engel, dei åtte borna og seg sjølv. No blømer dei gamle frukt- og bærslaga på nytt mellom bekkar og hus i kunstnarheimen.

Lette på foten, beitande på lauv og urter. Hardføre, helsesterke og nøysomme. Svarte, brune, raude, kvite, grå. Skimla, branda, sadla, sida. Vakre og stort sett snille. I kvar einaste fjordarm avla vi fram stadig meir stadeigna kyr kring om på gardane våre. Her i Sunnfjord var det vestlandske fjordfeet ofte brune, grå og kolla.

I det moderne jordbruket har den veltilpassa rasen hatt liten plass, etter kvart så liten plass at kyrne stod på raudlista over utryddingstrua dyreslag. No ser stadig fleire bønder verdien i ei lita, lettbeint kyr som tek seg skånsamt fram i terrenget og utnyttar beitet godt. Ei av dei er Torbjørg Grimsbø Eskeland på Grimsbø gard, som er neste stopp på smaksreisa gjennom Jølster.

Foto: Line Hårklau

Som ei hulder ropar Torbjørg kyrne sine fram frå skogen. Venlin kjem fremst. Ho er sjefen i flokken. Streng, roleg og kjærleg. -Ein diamant, seier Torbjørg med varme i stemma. Ho snakkar slik om kyrne sine. Om flokken på over tretti dyr, kan ho seie noko sant og godt om kvar einaste ei, kvar einaste ein.

Jakob av Jølstra er ein legende.  At stuten står som stolt avlsokse ein annan stad i landet, er mot mange odds. Kanskje får vi høyre meir om Jakob og mora hans, Ellinora, når vi set oss inn i sperrestova for ein kaffikopp og ein prat i Torbjørg sitt trivelege gardsutsal.

Så dreg vi nordover att, langs elva mot vatnet til eit tun du aldri vil gløyme.

Den gruslagde stien svingar mjukt forbi rampen med mjølkespann. Vi fylgjer stien under låvebrua mot ei anna tid. Mellom stover og løer er tunet grønt. Grønt av lyng og mose på steinane, grønt av bregner mot tjærebrune husveggar, grønt under gamle tre med leikande lys gjennom greinene.

Foto: Line Hårklau

Når vi gløttar på låvedøra, smiler Heidi Fossheim Årdal oss velkommen inn. Om vi hadde kome i morgontimane ville ektemannen Frode Årdal vore ute på Jølstravatnet og drege garn. Men no er det tidleg ettermiddag alt, og Frode kjem ut frå kjøkkenet med Jølstraaure på tallerkenen, mellom mange andre smakar frå Jølster. Heidi har òg vore på Søgnesand og på Grimsbø, som vi. Ho besøker alle gardane ho handlar råvarer frå.

– Å kjenne menneska som produserer maten eg serverer er viktig for meg. Det handlar om stoltheit og tilhøyrigheit, det kjennest verdifullt og rett.

Tunet her har vore mitt liv. Det har vore i min kropp sidan eg vart fødd. Eg kjenner meg kanskje aller mest i slekt med bestefar. Han var som meg, trur eg. Eg ser det i breva hans, eg les om den livslange kjærleiken han kjende for bygda si, fortel Heidi.

-Første gongen vi hadde selskap i tunet skulle vi vere i Strandstova. Frode og eg fiska Jølstra-aure til heile selskapet. I elva, med stang! Moltene til desserten plukka eg i fjella bak tunet. Eg kjende kor tilfredstillande det var å hente heim råvarene frå landskapet sjølv. Då vi bygde restauranten i låven i 2014, vart auren raskt vår signatur-rett. Seinare har vi bygd menyane våre kring fleire og fleire smakar frå Jølster.

Til kvar einaste grend der sambygdingane mine haustar reine råvarer frå eit tradisjonsrikt og berekraftig jordbruk, fiske eller anna mathandverk, vil eg reise. Frå kvar einaste bonde vil eg handle, smiler Heidi.

Ei av dei Heidi og Frode handlar frå, løftar fram og brukar i menyane sine er vinbonde Camilla Aasen. Ja, du las rett. Som vinbonde er ho den første i sitt slag i bygda.

No slår vi fylgje med vatnet til vingarden.

Bratt stuper bakkane mot Jølstravatnet, men i dei solvende sidene smakar blomar og bær søtt av lys. I Ytstebakken i Årdalen serverer Camilla Aasen deg Jølster i eit glas: Blåfrosen vinter og struttande vår, lyse sommardagar og hustrig haust. Rabarbra, plomme, eple, humle. Rips, solbær, ryllik, molte. Svalt og intenst, kvar smak med sitt særpreg ventar deg på Vingarden på Jølst.

Så er reisa til endes, og dagen raudnar i vest mot fjorden.

Kvar går vegen din vidare? Fylgjer du vatnet ventar breie lakse-elvar og rike fiskefjordar i ytre Sunnfjord.

Mellom elvane i fjella beiter sauer, kyr, rein og hjort. Klokkelyng, flekkmarihand, gullris, tepperot, myraks, skogstjerne, skrubbebær og ormebregne er smaken av Sunnfjord for dei. Som små Soria Moria i solegladsranda ligg støylane våre og fortel om ei tid då rike fjellbeite var levebrød for folk og dyr.

Vatnet renn gjennom landskapet, slik tida renn gjennom deg. Di tid er no.

Smaksreisa i Astrup sitt rike går kvar torsdag i juli og august med start og stopp på Skei hotell frå kl 10-17. Du finn meir informasjon og lenke til påmelding her: http://www.visitjolster.no