Lakenskrekk med ny vri

Gjev sundlesen syttitals-litteratur avløysing

Forfattar: Irene Ahnell og Elisabeth Moseng (ill)
Sjanger: Bildebok
Tittel: Pling vaken
Forlag: Det norske Samlaget

Bildeboka ”Pling vaken” fortel om Klara som ikkje får sove. Mamma må komme med bamsen og med vatn. Høyrest det kjent ut?

Klara er gul i fjeset. Ho ligg bak, fram i senga med raude sengeklede og ropar på mamma som kjem inn i ein knall turkis genser. Lakenet har ruter, strømpebuksa har striper, sokkane har prikkar. Fargar og mønster, som ser ut til å vere klipte og limte, understrekar kjensla Klara har av å vere ”pling vaken”. Elisabeth Moseng sine illustrasjonar er fulle av energi, utsnitta er nærgåande og perspektiva lett kaotiske: Her kan ingen sove!

For snart femti år sidan kom den første forteljinga om Ålfons Åberg av Gunilla Bergstrøm. Albert heitte han, for oss som vaks opp med NRK statskanalen og barne-TV klokka seks. ”God natt, Albert Åberg” fekk fast hylleplass i barnehagane, og har det nok framleis, mange stadar. ”Pling vaken” kan lesast som ei nyskriving av Bergstrøm sin klassikar.

God natt, Albert Åberg. Klara frå 2018 er klar til å ta over. Ho har eit friskare, meir insisterande språk. Der Albert her enkelt sa: – Pappa, eg må tisse, ropar Klara: –Eg har så masse tiss i kroppen at eg er heilt gul i auga, mamma! Sjå!

Irene Ahnell debuterer som forfattar med denne forteljinga, men ho har lang erfaring med barneteater. I ein herleg snuoperasjon let ho Klara vere den vaksne. Skåpmonsteret får slett ikkje sove, han er tørst og han må sjølvsagt på do. Dette grepet gjev ein komisk effekt som truleg også vil fungere godt når ”Pling vaken” vert sett i scene.