Korleis bli kvitt ei veslesøster?

Herleg humor og fantasifulle overdrivingar, usvikeleg på barnet si side.

Forfattar: Veronika Erstad og Ella K. Okstad (ill)
Sjanger: Bildebok
Tittel: Korleis bli kvitt ei veslesøster?
Forlag: Cappelen Damm

Pendelen svingar i barnelitteraturen, mellom idyllisering og realisme, mellom kunst og pedagogikk. Biletboka «Kunsten å bli kvitt ei veslesøster» finn seg ein farbar middelveg.

Guri ynskjer seg ei storesøster, men no skal ho bli storesøster sjølv. Veslesøstera viser seg å vere ei plage. Guri lagar ei liste over korleis ho kan bli kvitt henne: Skylje ho ned i do, legge ho ut på Finn.no, gje ho til bestemor og bestefar og så vidare.

Boka er ei veslesøster i seg sjølv. Storebrødrene har «Roald Dahl» prenta på bokryggen. Dei kvittar seg med brysame bestemødre og dumme foreldre på same måte: Med herleg humor, fantasifulle overdrivingar og med eit forteljarperspektiv som usvikeleg er på barnet si side.

Der Georg både kokar og serverer sin magiske medisin, er denne forteljinga likevel meir realistisk. Punkt for punkt må Guri innsjå at lista ikkje let seg gjennomføre.

Illustrasjonane minner også klassikarar i barnebokhylla, særleg om den leikne, barnlege streken i bøkene om eit anna, kjent og kjært søskenpar: Laban og Labolina av Inger og Lasse Sandberg.

I ein rørande, men i overkant pedagogisk landingsmanøver lagar Guri ei ny liste. Korleis kan ho sjølv vere den storesøstera ho har drøymt om å få?