Som fisken i vatnet

– Viss teksten er ein fisk, er illustrasjonen vatnet. Er teksten ein tusenlapp, er illustrasjonen alle planane du har for å bruke han. Kanskje er teksten nokon du er glad i. Då er illustrasjonen at han smiler til deg for første gong. Var det tydeleg forklart, spør barnebok-illustratøren Inger Lise Belsvik.

Inger Lise Belsvik illustrerer gjerne dikt for born. Nye dikt og gamle dikt. Nesten alle på nynorsk. Sidan debuten med Natt i nytt hus i 1995 har ho illustrert eit trettitals bøker. Ti av dei er diktsamlingar for born.

-Mange av tankane mine er bilete, der mykje er visuelt og intuitivt, fortel Inger Lise. Det visuelle kjem først for lesaren også. Alle ser før dei les. Særleg barn. Vi kan snakke om møte. Først møter biletet auget. Det skjer når ein vaksen les for barnet. Difor er det også eit møte mellom liten og stor. Mamma, femåringen og ei veslesyster som har sovna, til dømes. Det er denne situasjonen eg teiknar for. Det eg teiknar er det første femåringen ser. Det må fungere med ein gong! Deretter skal det hjelpe diktet fram. Så skal det vere noko å dvele ved. Møtet skaper alltid kjensler. Kjenslene kan vere gode, så må ein forstå det som skjer og kjenne seg trygg. Med andre ord: Det er viktig for meg å teikne slik at eg blir forstått.

–Eg vil gje diktet sprett! Eg tenkjer at det å illustrere er å lage eit rom rundt diktet som får meininga til å vare. Akkurat så stort rom som diktet har kraft til.
Av og til formar eg illustrasjonane som gåter, eller eg prøver å få dei til å skape gjenkjenning. Eg ønskjer at illustrasjonen skal få lesaren til å fantasere, kanskje til og med inspirere til å dikte eit framhald.

INGER LISE BELSVIK

Inger Lise Belsvik legg vekt på at ho som illustratør leitar etter rommet mellom tolking og med-dikting. Kor som er, eg vil seie at det kjennest godt å legge håp inn i illustrasjonane. Det er alltid ein av intensjonane mine når eg lagar bilete, fortel ho.

Eit døme på korleis ho arbeider finn vi i samlinga ”Eg sette brillene på min katt” . Tarjei Vesaas sitt dikt, ”Fiske på isen” er slik:

Fiske på isen er kaldt

og lite fiske er å få.

Fisken svinsar i djupet

og vil ikkje bite på.

Her har Inger Lise Belsvik valt å legge inn ein liten fisk som fangst på isen, det er ikkje heilt håplaust! I tillegg ser vi ei jente, svinse på skøyter litt bortanfor.

-Jenta svinsar over isen, guten ser henne i augekroken. Kan hende er det meir von i ho enn i dei hersens lure fiskane, tenkjer guten. Har eg bestemt! Det står ingenting  om ei jente på kunstlaupskøyter i diktet. Men slik kan eg velje å dikte vidare med bilda mine. Så vonar eg at den som les og ser, er med på det, og vil vere litt lenger på boksida. Og dikte vidare!