Ny sprett

Raggmonster gjev ny sprett til samspelet mellom dei to monstera vi kjenner frå før.

Forfattar: Áslaug Jónsdóttir (ill.) Kalle Güettler og Rakel Helmsdal

Sjanger: Biletbok
Tittel: Monsterknipe
Forlag: Skald forlag

Dei populære bøkene om Veslemonster og Storemonster er resultat av eit nordisk samarbeid mellom islandske Áslaug Jónsdóttir, svenske Kalle Güettler og dansk-færøyiske Rakel Helmsdal. Når dei tre samlast for å lage ei ny forteljing skriv dei ut historia på kvar sitt språk. Forteljinga vert ikkje omsett, derimot held dei tre forfattarane på særpreget i språket og i sin personlege forteljemåte når dei formar teksten.

No til sommaren kjem to nye bøker i serien ut i nynorsk omsetting ved Tove Bakke. «Monsterknipe» er den ferskaste av desse to.

Sidan sist har eit tredje monster entra scena: Luddmonster, på svensk. Raggmonster, på norsk. Allereie her syner Tove Bakke si styrke som omsetjar. Det lydsterke, biletrike namnet ligg godt i munnen, er kjekt å lese høgt, herme etter og leike seg med.

Så langt ute i serien som i bok nummer ni, er det kjærkome med eit uromoment. Raggmonster gjev ny sprett til samspelet mellom dei to monstera vi kjenner frå før.

Uttrykket er energisk og kraftfullt. Både i tekst og illustrasjonar er kontrastane ei drivkraft. Mellom det svarte og kvite,  mellom det store og det vesle, ispedd klare fargar og organiske former. I teksten er replikkane ofte er sette opp med  «monsteraktige» fontar med ulik skriftstorleik alt etter styrken i utropet.

Trass i, eller kanskje fordi at monster ikkje finst, er det lett å identifisere seg med kjenslene dei viser og lære noko av løysingane dei finn når to gode vener skal gje plass til ein tredje.