Oppføringer av vanja

,

Ein arv til å gøyme

I minna frå barndomen kan eg gå inn i det grøne huset og sette meg ved kjøkenbordet, slik eg gjorde når eg var der for å selje lodd eller julehefte.

Med kraft til å forandre

«At vi bevegar publikum. I hjartet. At ein kan få opplevingar som så sterke at ein faktisk blir forandra. Kunst og kultur er ikkje toppen av kransekaka, det er fundamentet i vår sivilisasjon. Å sjå musikarar komme saman på nye måtar og bevege publikum. Det er det største.»
– Hilde Bjørkum

Et moltene sjølv

– Eg vil prøve å skape ei større oppleving, ei oppleving det skal vere verdt å betale for. På den måten kan gjestene mine og eg vise bonden at vi verdset både opne kulturlandskap, god dyrevelferd og ei berekraftig ressursforvalting, seier kokk Thomas Holme Smaadal.

JoJo

Norsk barneblad har hatt teikneseriar for born på trykk i 112 år. Figurar som Smørbukk og Annika har gjeve ungane gode litterære barndomsopplevingar fram gjennom tidene. Jojo er ein verdig arvtakar.

Grendehusa som litteraturhus

Den rike kulturhistoria i bygda vår kviler på ein lang tradisjon for å vere lesande og skrivande. Med støtte frå Nasjonalbiblioteket, Fritt ord og  Norsk kulturråd utviklar vi dei lokale grendehusa som scener for litteraturformidling.

,

Med usynleg skrift

Kanskje er ikkje boknatta ein verdskjend litteraturfestival, men vi som er her veit at den er vel verdt å kjenne til og komme tilbake til – nesten som i songen: Når du en gang kommer, neste sommer skal vi atter vere her, eller som i den jødiske helsinga: Neste år, i Jerusalem. Har du først vore i bokbyen, kjem du att. Neste år, i Fjærland. Bøkene bind oss til denne staden, og til kvarandre.

Skalla

Det magiske sjukehuset er like ekte som det medisinske. Forteljinga spelar på den fine evna barna har til å gå inn og ut av leik og draumar, utan å ta stilling til kva som skjer i røynda og kva som skjer i fantasien.

Pølsetjuven

Som lesar får du leggje augo på noko du ikkje har sett før.
Bodskapen derimot, er ein klassikar: Alle er forskjellige, men inni er vi like. Kven drøymer ikkje om å vere noko anna?

Rabarbratunet – buplass for fleire bønder

Borna i tunet ser etter dyra våre på fjellet om sommaren og besøker dei i fjøsen om vinteren. I skogen bak tomtene ligg eit stort felles friareal for hagebruk og grønsaksdyrking. Rabarbraplantene trivst godt her allereie, området er sørvendt og grøderikt.

Stjernelag til Jølster

For 150 år sidan gav Elias Blix ut dei første nynorske salmene i heftet «Nokre Salmar, gamle og nye.» I november blir det feira med ei moderne tolking levert av musikarar og formidlarar frå øvste hylle: Marte Eberson, Mats Eilertsen, Siv Øyunn Kjenstad, Tore Brunborg og Frank Kjosås!