Rababratunet – ein buplass for fleire enn bønder

Rabarbratunet er skilt ut frå gardsbruket vårt på Jølster. Garden er i drift med mjølkeproduksjon, sau og to hestar. Ein oppvekst i tunet gje mulegheit for nær kontakt med lam om våren og kalvar om hausten. Hestar året rundt, om ein vil.

I bakkant av tomtene ligg eit stort felles friareal som gjev høve til hagebruk og grønsaksdyrking. Rabarbraplantene trivst godt her allereie, området er sørvendt og grøderikt.

Pr tid er det tre ledige tomter i tunet.

Nede ved vatnet i passeleg gangavstand ligg Svidalsneset. Grendelaget har saman med 4H sett opp gapahuk med bord, benkar og bålpanne. Her er kanoar til fri bruk, leikeplass, badekulpar og fiskemolo.

Jølstravatnet er eit populært og godt fiskevatn. Gardsbruket har fiskerettar i vatnet og samarbeider med naboane våre i Rabarbratunet om garnfisket om hausten.

Likeeins kan andre samarbeid vere aktuelle. På garden har vi mange gonger hatt hjelp av naboane våre i det nye tunet både til sauesanking og høyslått. Borna i tunet ser på dyra på garden som ”sine”, ser etter dei på fjellet om sommaren og besøker dei i fjøsen om vinteren.

Garden har store skogsteigar og utmarksområde. Uttak av ved til eige bruk er eit anna døme på samarbeid som kan avtalast.

I Svidalen har vi eit aktivt grendelag som sørgjer for mykje positiv aktivitet. Trimrom i grendehuset, fiberutbygging i  heile dalen og toppturparkering øvst i grenda kan nemnast. Frå dørstokken i Rabarbratunet går vegar og stiar flotte fjell som Steinegga og Tindefjellet. Nede i dalane er vakre stølsmiljø med slakare stigning.

Å etablere seg med hus og heim i rababratunet på Jølster gjev tilgang på mange av dei fine fordelane med å bu på ein gard, utan alle ulempene.