Kan ein ha det kjekt sjølv om ein er sjuk?

Frodig og fantasifullt om å trøyste og tåle sjukdom og sorg.

Forfattar: Randi Fuglehaug, Nora Brech (ill.)
Sjanger: Biletbok
Tittel: Skalla
Forlag: Det norske Samlaget

I biletboka ”Skalla” møter vi Iben den dagen ho har bursdag. Ho prøver å få selskapet til å vare så lenge som råd. På neste oppslag skjønar vi kvifor. Morgonen etter lyt ho reise på sjukehus.

– Det kjem til å bli litt tøft no framover, seier doktor Kvitskjegg. Inn frå naborommet kjem ei jente med eit stort smil, men heilt utan hår! Skalla-Malla syner Iben magiske rom på sjukehuset, fulle av snop, dans og diskomusikk.

Sjukdom og sorg er ein del av pakken, også i eit barneliv.  ”Skalla” viser korleis barn kan gje og ta i mot trøyst, når nokon er sjuke og redde.

Særleg i illustrasjonane er boka i markert augehøgde med barnelesaren.  Nora Brech brukar perspektiv og utsnitt på ein slik måte at vi aldri ser dei vaksne sine ansiktsuttrykk og kjensler. Det er Iben si oppleving av å bli sjuk, ta medisin og miste håret som er i fokus.

Kan ein ha det kjekt sjølv om ein er sjuk? spør baksideteksten. Iben har det skikkeleg kjekt saman med Malla. Ho dreg Iben med seg frå side til side, frå rom til rom. Dei smakar på blomsterdrops og dansar med hekser og cowboyar. Bileta er frodige og fargerike, i møte med lesaren sin fantasi vil dei få både smak og lukt.

Det magiske sjukehuset er like ekte som det medisinske. Forteljinga spelar på den fine evna barna har til å gå inn og ut av leik og draumar, utan å ta stilling til kva som skjer i røynda og kva som skjer i fantasien.

Samspelet mellom tekst og bilde gjev ei tydeleg line i forteljinga, likevel har ikonoteksten plass til lesaren si tolking og meddikting. I høgtlesinga kan den vaksne formidlaren førebu spørsmål som peikar mot  desse opningane. Slik kan kvar enkelt lesar gjere historia om Iben og Malla til si eiga.