Med kraft til å forandre

– Ikkje kom og sei vi ikkje får vere te. Som vi e. Ikkje kom dragande med det!

Kronikk i avisa Firda etter Førdefestivalen 2017

Eg tar meg i å nynne på dei sinte strofene frå framsyninga ”Samuline”. Og eg tenkjer på det Sigrid sa. Og det Hilde sa. Og på Elle Marja. Det ho sa og synte oss. I dagane som går sidan samtalane på Førdefestivalen står dei tre kvinnene fram i minnet skulder ved skulder, berande på den same bodskapen.

Sigrid Moldestad ser innstendig på gjestene i samtalen ”Møt artisten”. –Kvar kjem den frå, denne krafta som held jentene nede? Som tok i frå dei felene? Den forsvinn ikkje, den tek berre nye former. Til alle tider blir vi fortalt at vi ikkje kan vere slik vi er.

«No er det nasene. Unge jenter går rundt og trur dei har stygge naser. Då eg gjekk på ungdomsskulen var det om å gjere å ha store puppar.  No er det om å gjere å ha store romper!  Talentfulle, flotte jenter har hovuda fulle av dårlege tankar om seg sjølv. Kvar kjem dette i frå?»

SIGRID MOLDESTAD

Spørsmålet frå Sigrid er oppriktig. Opprørt. Det vert hengande i lufta. Det vert liggande i tankane. I framsyninga ”Samuline” fortalde ho om spelekvinnene i Nordfjord og på Sunnmøre. Som hadde ei kraft i seg. Ei kraft dei ikkje kunne unngå å bruke. Tok mennene felene frå dei, heldt dei fram å synge. Vi som høyrde Sigrid Moldestad fylle storsalen med desse forteljingane, såg den same krafta i henne.

At vi bevegar publikum. I hjartet. At ein kan få opplevingar som så sterke at ein faktisk blir forandra. Kunst og kultur er ikkje toppen av kransekaka, det er fundamentet i vår sivilisasjon.

Å sjå musikarar komme saman på nye måtar og bevege publikum. Det er det største. Det som gjer det verdt å halde på med dette, i 28 år og meir, sa Hilde Bjørkum frå scenekanten på nye Larris scene eit par dagar tidlegare.

Som ein spådom. For det var dette som hende i storsalen, denne ettermiddagen då Sigrid fortalde om Samuline og dei andre spelekvinnene. At vi vart forandra. Kanskje berre akkurat i denne stunda. Eller kanskje fall opplevingane som frø i det gode jordsmonnet Førdefestivalen har skapt, så sakte og sikkert som jordsmonn vert skapt, for å forandre. Bildet ditt av deg sjølv. Møta dine med andre.

Joiken er som eit portrett, forklarte Elle Marja Eira i den tredje samtalen eg fekk ha på Førdefestivalen. –Eg vil joike han pappa for dykk. Han likar å sitte høgt på vidda med utsyn til heile reinflokken, han er sterk og glad, ein tøff type, smilte ho.

Og så joika ho far sin, så vi kunne sjå han sitjande i det vakre landskapet, heilt annleis ein vårt, sitjande på ein slik måte at vi skjønar at vidda er hans. Og at den ikkje kan takast frå han.

At han må få vere til, slik han er. Alt dette skjønar vi. Han har ei kraft i seg. Ei kraft han ikkje kan unngå å bruke. Elle Marja Eira syner oss denne krafta i portrettet av far sin, joiken hans. Og så deler ho joiken med oss, den ho veit vi kan. Sameguten Ante svingar lassoen over netthinna vår og vi får vere med i den varme, fine tonen alle hugsar.

Krafta i å få vere til, slik ein er. Få syne fram det ein har, slik det finst. Dele det med kvarandre. Det er desse kreftene som får verke på Førdefestivalen. Dei er sterke nok til å forandre og forme oss, så vi kan stå skulder ved skulder mot kreftene som held oss nede, som menneske på jorda. – Ikkje kom og sei vi ikkje får vere te. Som vi e. Ikkje kom dragande med det!