Grendehusa som litteraturhus

– Den rike kulturhistoria i bygda vår kviler på ein lang tradisjon for å vere lesande og skrivande. Med støtte frå Nasjonalbiblioteket, Fritt ord og  Norsk kulturråd utviklar vi dei lokale grendehusa som scener for litteraturformidling.

Kring 1890 tok dåverande sokneprest i Jølster Christian Astrup initiativ til å skipe ein lesering på Ålhus, og inviterte til møte i prestegardsstovene. Bokringen har teke nye namn, og møta har gått på omgang på gardane heilt fram til i dag.

Skaparkraft er eit varemerke for Jølster. Nikolai Astrup sine landskap vekkjer internasjonal interesse. Kunstnarheimen på Sandalsstrand var open og gjestfri. Astrup sjølv var utovervendt, reiseglad og inspirert av kunstnarar både frå andre land og verdsdelar. Men det var Jølster han måla.

I møte med diktekunsten kan vi oppleve noko av det same. Tekstar skrivne frå andre landskap om andre liv, kan seie oss noko om vårt eige og syne oss kor verdifullt det er. Kor vakkert det er.

Jølster bibliotek samarbeider med Svidal skriveri og Rom for ord om arrangementa.

Koplingar mot det lokale 

Vårvon ungdomslag sitt forsamlingshus i Svidalen var først ut. Ei stor sperrestove, flytta hit på godt sledeføre ein etterjulsvinter tidleg på femtitalet. Huset som vanlegvis er passeleg stort for tilskipingar i Svidalen var breiddfullt då vi inviterte til ”Draumen om Amerika”. Statsarkivar Yngve Nedrebø heldt eit svært interessant foredrag om jølstringane si utvandring, og Edvard Hoem var i storslag frå talarstolen då han fortalde og las frå dei fire bøkene han har skrive om slektningane sine skjebner ”over there”. Sidan har vi vore i Haugtun, i Helgatun,  i Borgja og på Eikås, på Astruptunet, i Prestegarden, i kyrkjene, på Jølstramuseet og i løa på Jølstraholmen.

Koplinga mellom lokal historie og ei aktualisering gjennom litteratur eller anna fagprosa,  er ein arbeidsmåte vi vil utvikle vidare. Jølster bibliotek sit på eit omfattande arkivmateriale frå grendelaga i Jølster som møtebøker, protokollar, talar og fotografi frå frivillig lagsarbeid framgjennom tidene.

På etterjulsvinteren 2019 hadde  vi besøk av lyrikaren Sigmund Løvåsen frå Trysil. Saman med Frode Haltli på trekkspel las han dikt inspirerte av forfedrene sin arbeidsetikk og kulturlandskapa kring seg. Dette vart ei god opptakt til ein kulturminnekveld der vi fortalde kvarandre om løyndomar kring om i grendene som kanskje var i ferd med å bli gløymde.

SVEVN

Eg tel ikkje sauer når eg ikkje får sove

Eg sit på fanget til pappa i traktoren når han harvar og tromlar og vender høy

Duren og ristinga og låra som hevar og senkar seg over pedalane

Når eg har sovna, blir det stilt, og han ber meg over åkeren og heim

Mamma tar imot meg, legg meg i senga og breier dyna tett ikring meg

Både våronn og slåttonn finn plass i ei lita natt

Frå «Med øksene dei haustar inn».

SIGMUND LØVÅSEN

Programserien ”Bondevit” er også under planlegging. Vi ynskjer å invitere forfattarar og forskarar som er aktuelle med landbruksfaglege utgjevingar til opne foredrag der både bønder og bygdefolk kan møtast.

Skjønnlitterære tilstellingar vert det fleire av. ”Grendesalongane” legg opp til ei programrekke der vi vil invitere fleire forfattarar til å fortelje om kva dei sjølve har blitt inspirerte av å lese. Kanskje saman med litt musikk? På lista vår står Brit Bildøen, Ragnar Hovland, Gunnhild Øyehaug og Per Petterson.

Den islandske forfattaren Bergsveinn Birgisson skriv om den lesande bonden slik vi kjenner han. Då han vitja prestegarden i fjor haust, samtala han med presten vår Silje Sørebø om kor viktig forteljinga er for å kjenne seg heime ein stad.

Eit år seinare kom han att, med ein heilt ny litterær konsert basert på islandsk versekunst, saman med Berit Opheim og Gabriel Fliflet.

– Den islandske visa formidlar det islandske landskapet, folket og historia, forklarer Bergsveinn Birgisson og siterer ei av visene i Johannes Gjerdåker si gjendikting:

Lyder du når deg vert sagt
diktet folket laga,
får du opp i loven lagt
land og folk og saga.

Hlustir þú ef sé þér sögð
samankveðna bagan,
er þér upp í lófa lögð,
landið, þjóðin, sagan.

Vi let oss inspirere av korleis islendingane forvaltar kulturarven og språket sitt. Vi har liknande rikdomar i vår kulturhistorie her på Jølster. Dei kjem til syne i lyset av andre perspektiv, gjerne frå skjønnlitteratur og fagprosa.