God grunn til glitter

Lysande striper mot lesegleda

Forfattar: Ida Eva Neverdahl
Sjanger: Teikneserie
Tittel: JoJo
Forlag: Det norske Samlaget

Teikneserien Jojo går fast i Norsk barneblad. Ei ny rammeforteljing presenterer lesarane for  den fargerike guten og kvardagsmagien han opplever når stripene no er samla i ei bok med same namn.

Jojo kjem til å sparke bort i ein ølboks på vegen. Ut frå boksen kjem ein lilla, sky-liknande skapnad: «Eg er den magiske ånda i ølboksen» seier ho, og gjev Jojo eitt ynskje. «Eg ynskjer meg at livet mitt var meir magisk!» svarar guten, som like gjerne kunne ha vore ei jente og som har ulike hudfargar i dei ulike stripene.

Denne første stripa kan lesast både som ein introduksjon og ei oppsummering av Ida Eva Neverdahl sitt univers: Det magiske er ein føresetnad i forteljingane, moral er eit viktig motiv og andre myter og eventyr ser ut til å vere ei stor inspirasjonskjelde.

I stripa «Ostepop», til dømes, er Jojo «sjukt sugen på godteri». Ostepop-feen gjev han magiske fingrar. Alt han tek i blir til ostepop. Straks kjenner vi att den greske myten om Dionysos som let alt kong Midas tek i bli til gull, men Neverdahl overdriv og leikar seg i ei lattermild vidareføring av historia.

Norsk barneblad har hatt teikneseriar for born på trykk i 112 år. Figurar som Smørbukk og Annika har gjeve ungane gode litterære barndomsopplevingar fram gjennom tidene. Jojo er ein verdig arvtakar. har god grunn til å spandere glitter i tittelen på omslaget av boka, desse stripene er lysande stiar til leseglede for neste generasjon.