,

Med usynleg skrift

Kanskje er ikkje boknatta ein verdskjend litteraturfestival, men vi som er her veit at den er vel verdt å kjenne til og komme tilbake til – nesten som i songen: Når du en gang kommer, neste sommer skal vi atter vere her, eller som i den jødiske helsinga: Neste år, i Jerusalem. Har du først vore i bokbyen, kjem du att. Neste år, i Fjærland. Bøkene bind oss til denne staden, og til kvarandre.