Kjell, ein ny Klassikar?

Kven drøymer ikkje om å vere noko anna?

Forfattar: Marianne Gretteberg Engedal
Sjanger: Biletbok
Tittel: Pølsetjuven
Forlag: Det norske Samlaget

Etter ein vinter der ordskiftet om bøker og litteratur har krinsa kring kva som er kopi og kva som er kunstnarleg inspirasjon, gjev det ei kjensle av regn over tørr mold å lese Marianne Gretteberg Engedal sin forfriskande biletbok-debut.

Engedal er så langt mest kjend gjennom instagram-kontoen «Skinkeape».
Femti tusen følgjarar set pris på dei lubne, snåle figurane hennar. I «Pølsetjuven» står desse figurane fram som det mest påfallande ved originaliteten i boka.

Kjell er tjuv. Han bur i eit røvarhus rett utanfor ein fredeleg, fargerik by. Visst minner scenografien om Kardemomme-by, men berre som ein fjern, gammal slektning.

-Kvifor stel me, eigentleg? spør niåringen ved frukostbordet. Familien prøver seg med fleire tvilsame forklaringar, før dei slår fast: Alt kan og må stelast.

Kjell drøymer om noko anna. Om han ikkje hadde vore tjuv, kunne han tenkt seg å vere hestetemjar, brøytebilsjåfør eller grønsaksbonde.

Både huset, interiøret og kleda til Kjell og familien er i svarte og kvite fangedrakt-striper. Tjuvane har dessutan svarte røvarbriller. Denne markøren er tradisjonell og tydeleg, men også dei andre familiane i byen har sine særmerke. Det kan vere underlege hovudplagg, klesdrakter eller frisyrar. Når alle ungane møtest på skulen er det eit mylder av fargar og former i oppslaget. Som lesar får du leggje augo på noko du ikkje har sett før.

Bodskapen derimot, er ein klassikar: Alle er forskjellige, men inni er vi like. Kven drøymer ikkje om å vere noko anna?