Grendehusa som litteraturhus

Den rike kulturhistoria i bygda vår kviler på ein lang tradisjon for å vere lesande og skrivande. Med støtte frå Nasjonalbiblioteket, Fritt ord og  Norsk kulturråd utviklar vi dei lokale grendehusa som scener for litteraturformidling.

Eg er i går

Tolv livshistorier frå den siste krigsgenerasjonen blei til èi teaterframsyning. Då dei var små budde dei på gardar som brødfødde dei. Så kom krigen, så kom kjærleiken, så kom ungar, arbeid, slit og glede. Så kom alderdomen og einsemda. Vi institusjonaliserer både barndommen og alderdommen slik at vi ikkje når kvarandre med historier vi kunne delt. "Eg er i går" batt oss saman, på tvers av tida.