Eg er i går

INTERVJU OG MANUSARBEID FOR

SOGN OG FJORDANE TEATER

«Eg synest at eg er mykje åleine. Men eigentleg er eg vel ikkje det. Dei seier jo at her skal det vere folk heile tida, men for meg, når eg ikkje ser folk, så er det akkurat som eg ikkje kan tru at det er nokon her. Eg er jo ein umulius på den måten, då. Og sikkert på andre måtar og.»

Det seier 101 år gamle Alvhild Stafsnes.

Tolv livshistorier frå den siste krigsgenerasjonen blei til èi teaterframsyning. Manus er basert på intervju med Alvhild Stafsnes og elleve andre av fylkets seniorar i alderen frå nokre-og-sytti til meir enn hundre. Då dei var små budde dei på gardar som brødfødde dei. Så kom krigen, så kom kjærleiken, så kom ungar, arbeid, slit og glede. Så kom alderdomen og einsemda. Vi institusjonaliserer både barndomen og alderdomen slik at vi ikkje når kvarandre med historiene vi kunne delt. I dette stykket strekte Sogn og Fjordane Teater ut handa til alle generasjonane som kjem etter desse tolv.

Les meir om sykket her: Eg er i går