Fart og sjølvtillit

Inspirerande om kjende og mindre kjende ekspedisjoner

Forfattar: Pia Strømstad og Trond Bredesen (ill.)
Sjanger: Faktabok
Tittel: 10 ville ekspedisjonar
Forlag: Det norske Samlaget

Sjølv om denne boka handlar om ekstreme ekspedisjonar, har den ei allmenn oppmoding til lesaren: Hald fast på draumane dine.

Noko er kjent stoff. Alle har høyrt om Neil Armstrong og dei første stega på månen. Men kven har dykka djupast i havet? Kven har segla raskast kring jorda? Ikkje alle ekspedisjonar lukkast. Utvalet fokuserer i staden på særskilt mot og viser stor variasjon.

10 ville ekspedisjonar treng ikkje lesast frå perm til perm. Ein kan bla fram og tilbake, finne seg ein favoritt mellom eventyrarane, finne ut meir om reisemåla eller rekordane. Lesinga gjer deg nyfiken.

Kapitlet om Dian Fossey som levde mellom fjellgorillaer i Rwanda, tok til våpen for å berge dei og sjølv vart drepen, gjorde størst inntrykk på meg.

Pia Strømstad fortel om fortida i notid, i såkalla historisk presens. Dette gjev ei kjensle av å vere nær hendingane. Forfattaren skildrar påkjenningane slik at vi kjenner redselen, svolten og mangelen på søvn på kroppen. Ho legg ikkje til særleg meir enn kjeldene kan dokumentere, likevel er lesaropplevinga høgdramatisk.

Illustrasjonane forsterkar kjensla av å vere nær det som skjer. Om flagget vert planta nær Nordpolen eller på månen, er uvedkomande. Streken er den same. Tida er underordna, det er portretta av menneska og motet som gjeld. Det er som ho sa, tanta til Tonje Glimmerdal. – Ein treng to ting her i livet: Fart og sjølvtillit. Her kjem same bodskapen som fagprosa.