Lastar Hendingar

« All Events

  • Denne hending er over.

Introduksjonskurs i regenerativt landbruk

4. mars 2022 @ 17:00 - 6. mars 2022 @ 17:00

Holistic Management er eit planleggingsverktøy for å bygge opp ressursane på garden og drive eit regenerativt landbruk. Verktøyet er fleksibelt og kan nyttast i ulike driftsformer og
driftsomfang: Økologisk eller konvensjonelt, veksthus eller friland, andelshage eller utmarksbeite, småbruk eller stor landbrukseigedom.

Ein viktig del av arbeidet med Holistic Management og kurset er å lære seg å lese landskapet og prosessane i landskapet, særleg kretslaupet av vatn og mineralar, energistraumar og arts-samspel. Beiting og areal med gras har spesielle funksjonar i mange økosystem. Riktig og målretta beitebruk er difor ofte ein viktig reiskap i Holistic Management og regenerativt jordbruk. I tillegg er økonomien og dei menneskelege faktorane viktige.

Kurset bidrar til at ein kan finne avklaringar kring kven som tek kva for beslutningar, kva dei involverte ønskjer med drifta og liva sine, samt den økonomiske ramma:

Ved hjelp av planleggingsverktøyet kan vi ta beslutningar som tek omsyn til alle ressursane knytt til garden, det vil seie menneske, natur og økonomi. Arbeidet med Holistic Management omfattar også overvaking og registrering av endringar slik at ein kan endre kurs undervegs.

Kurshaldar, Anders Lerberg Kopstad, er utdanna innan agroøkologi. Han driv med sau, høner og grønnsaker og praktiserer Holistic Management på eigen gard. Han er godkjent rettleier i Holistic Management fra Savory Institute.

Kurset vert arrangert i Svidal grendehus på Jølster i Sunnfjord. Deltakarar som har lang reiseveg kan tinge overnatting anten på Thon hotell Jølster eller Jølstraholmen camping. Kurset har 12 plassar og vert arrangert som eit samarbeid mellom NLR vest, Sunnfjord bonde- og småbrukarlag og Svidal skriveri. Kursavgifta er 2500 kroner for medlemmer i faglaga. For andre: 3500 kroner. Kursavgifta inkluderer kveldsmat fredag kveld, varm lunsj laurdag og søndag, kaffi, kaker og frukt.

 

 

Detaljar:

Start:
4. mars 2022 @ 17:00
Slutt:
6. mars 2022 @ 17:00
Nettstad:
https://tikkio.com/tickets/27749-introduksjonskurs-regenerativt-landbruk-og-holistic-management

Detaljar:

Start:
4. mars 2022 @ 17:00
Slutt:
6. mars 2022 @ 17:00
Nettstad:
https://tikkio.com/tickets/27749-introduksjonskurs-regenerativt-landbruk-og-holistic-management