Vinje, vår mann

«Du les vitet av deg», vart det sagt til Aasmund, då han voks opp. Han var nok ein av dei mest lærde i si tid, men praktisk lærdom såg han heller aldri bort ifrå. Vinje er min mann, seier forfattaren Lars Amund Vaage.

I denne litterære framsyninga fortalde han om korleis Aasmund Vinje har kome til å bety så mykje for han, og reflekterte over alt han har å seie til oss i vår tid, framleis. Vaage akkompagnerte tenor Aasmund Kaldestad i nokre av Grieg/Vinje-songane på piano. Skodespelar Kyrre Eikaas Ottesen frå Sogn og Fjordane teater las tekstar av Aasmund Olavsson Vinje.

”Vinje, vår mann” hadde premiere under kulturnatt i Sunnfjord i Haarklousalen i Førde, mai 2018. Deretter hadde framsyninga turnepremiere på Boknatta i Fjærland og vart vist på ni scener i Telemark, Hordaland og Sogn og Fjordane. Framsyninga var initiert av Svidal skriveri som ein del av litteratursatsinga Rom for ord og utvikla i nært samarbeid med Sogn og Fjordane teater. Regien var ved teatersjef Bodil Kvamme.

«Vinje vart ikkje forløyst som diktar før han fekk landsmålet å dikta på, og då var han 40 år gammal. Han hadde ei språkmusikalsk gåve, og han trong fridommen som det eigne språket gir for å få brukt denne gåva.

Tekstane hans er ofte strenge formelt, med klassiske versemål, men med rytmisk og klangleg rikdom. Ofte diktar han om det opphavlege, det heimlege, det farne. Det er eige livsmateriale som ligg i botnen. Han kunne skriva om det på morsmålet.»

LARS AMUND VAAGE