Les for meg – på nynorsk!

– «Alle barn har eit potensiale for å kunne like å bli lesne for», seier Maria Parr. Og dei gode bøkene finst! På papir mellom permar held nye, nynorske barnebøker høg kvalitet, både i tekst og bilete. Men det er først når boka også finst i medvitet til barnet at det magiske kan skje: Forteljinga blir levande for lesaren.

Kurs i formidling og høgtlesing av ny, nynorsk barnelitteratur

– Høgtlesing vil eg setje to strekar under, held forfattaren fram. Men kva skal vi lese? Og på kva måte?

Den nye, nynorske barnelitteraturen markerer seg med gode bøker og med stort mangfald. Men vegen fram til lesaren kan vera kronglete for den nynorske barneboka. Det overordna målet med dette kurset er å bidra til at den kunstnarlege kvaliteten i boka kan bli lettare å identifisere og deretter aktivere i ei god formidling. Mellom den nye barneboka og det nye barnet står den vaksne høgtlesaren, den kompetente og engasjerte formidlaren. Du er ein stor faktor i likninga som avgjer kva verdi ei litteraturoppleving kan ha for ein barnelesar!

Barnelitteraturen har historisk sett hatt ein grunnleggjande pedagogisk og sosial funksjon. Denne funksjonen har med åra blitt utvida og nyansert. I dag har barnelitteraturen også ein status som kunst og estetikk, og ein innrømmer at barnet i ein slik samanheng har eit behov og ei interesse ut over det pedagogiske. Likevel vert barneboka ofte formidla i ein pedagogisk kontekst. I dette kurset skal vi sjå nærare på korleis dei kunstnarlege kvalitetane ved barneboka kan didaktiserast og dermed gjerast tilgjengelege for barnelesaren.

Å like og dele den gode barneboka

Gjennom omgrep som knyter seg både til teksten sin funksjon for lesaren og til barnelitteraturen sin estetiske autonomi, ser vi nærare på ulike kriterium for kvalitet i barneboka. Med støtte i desse omgrepa vil vi undersøke korleis god litteraturkritikk kan gje innspel til den didaktiske formidlinga: Ei melding som vektlegg integritet og originalitet, kan lesast som innspel til planlegginga av dialogisk eller repetert lesing. Ei melding som fokuserer på teksten sin kompleksitet, kan gje innspel til å førebu ein litterær samtale. Ei melding som vektlegg teksten sin intensitet, kan gje innspel til korleis ein i høgtlesinga kan ta stilling til at ein somme tider kan lese berre for moro skuld og andre gonger med eit mål om ettertanke og refleksjon, sjølv om boka er den same.

Alle nye bøker – kom ut!

Dei siste tiåra har ein offensiv kulturpolitikk, og særleg innkjøpsordninga for ny, norsk skjønnlitteratur gjort det både kunstnarleg og økonomisk attraktivt å skrive godt, også for born. Forfattarane som fornyar den norske barneboktradisjonen, skriv seg opp mot litterære kvalitetskrav og tek mindre omsyn til pedagogiske siktemål. Kritiske røyster hevdar at mange av bøkene dermed heller ikkje tek omsyn til barnelesaren og barneperspektivet. Vurderinga varierer, men det gjer også litteraturen; Den store oppbløminga av ny, norsk barnelitteratur inneber eit breitt spekter av tekstar av alle slag. Det gjeld å nå alle med ei bok, og no finst det ei bok for alle!

I dette kurset får deltakarane presentert mange av dei nye barnebøkene som er komne ut på nynorsk dei siste åra. Tipslister med korte omtaler av endå fleire titlar vert delte ut.

Når opplæringsmålet er eit mindre brukt språk

Mange av dei fremste barnebokforfattarane våre skriv på nynorsk, slik som Maria Parr gjer. Men for den nynorske barnelesaren er den språklege kvardagen prega av at nynorsk er eit mindre brukt språk i den norske offentlegheita. Born som skal ha nynorsk som opplæringsspråk i skulen, møter oftast bokmålet når dei er små, både gjennom tv og data. Og i bøker. Dermed er dei lite eksponerte for skriftspråket sitt før dei byrjar på skulen. Dette kan barnehagen vege opp for. Ikkje minst gjennom å bruke dei nye, gode nynorske barnebøkene.

Gode bøker har eit rikare og meir variert ordforråd enn den munnlege samtalen. Skriftspråket har vanlegvis ein meir avansert grammatikk, fleire nyansar og klarare struktur enn talespråket. Ungane tileignar seg dette gradvis når vi les mykje for dei. Dei får eit rikare språk. Ungane lærer det skriftspråket dei ser og høyrer. Les difor høgt på nynorsk, syn ungane skriftbileta, la bøkene ligge framme! I dette kurset får deltakarane mange konkrete tips til korleis det nynorske skriftspråket kan bli ein synleg og integrert del av språkmiljøet i barnehagen.