Hovland & Tønes reddar kvelden

-Tønes fortel gode historier, på ein måte som dei gode historiene ikkje har blitt fortalde før. Morosamt, surrealistisk, melankolsk og rørande. Og korleis får han det til? Det er Ragnar Hovland som spør.

Det var i gjensidig beundring dei to forfattarane møttest til prat og poesi, song og spel nokre kveldar før påske. Turen gjekk frå Syse gard i Ulvik, vidare til Logen bar i Bergen, så nordover til Gymmen scene på Eid og ein sving tilbake til Jostedalen i Luster. Endeleg til Jølster og løa på Jølstraholmen på palmelaurdag.

For å førebu publikum til kvelden hadde Ragnar Hovland lånt oss teksten «For eksempel majones» som han tidlegare har skrive om Frank Tønnesen si dikting. Her er eit utdrag:

«Frå å vere ein forholdsvis lokal løyndom, har Tønes blitt riksstjerne. Meldarane er rause med terningkasta sine, og han blir gjennomintervjua i dei mest gigantiske riksavisene. Ja, journalistar og fotografar kjem i bil og prøver så godt dei kan å finne fram til kor han bur.
Og etter ein del omtalar å dømme, er Tønes blitt ein slags forfattaranes artist og tekstforfattar. Og det er spesielt tre forfattarar som for evig er stempla som Tønes-fans: Håvard Rem, Tore Renberg og Ragnar Hovland. Ein slags trehovda spydspiss i Tønes-dyrkinga. Og ja, eg har snakka lenge med Håvard Rem om Tønes og tekstane hans, og vi var skjønt einige om at han er eit geni. Ein må berre ikkje seie det til han.

Vi er rett og slett misunnelege. Men det gode skal ein få seie om oss, at vi heller skriv hyllingsartiklar enn å slenge drit. (Eller ”drid”, som det heiter i Tønes-land, særleg når det gjeld innmaten i krabbar.)»

– Det eg sedde pris på med Ragnar sine teksta e mye; humoren, alvoret og alle øveraskelsane, galskapen og varmen. I denna litt skumle verden e Ragnar sine teksta som ein slags medisin eller trøst.

FRANK TØNNESEN

Og når vi først er i gong med godord om forfattarskapen til Ragnar Hovland, er det freistande å ta med eit utdrag frå kulturredaktør Frode Bjerkestrand i BT sitt bidrag til avisa sin  adventskalender før jul i fjor:

-Ragnar Hovland er min personlege helt og litterære leiestjerne i livet. Det er han som berga forteljinga om Vestlandet frå seg sjølv, og det er alt for få som veit i dag. Hovland skreiv som ein innrøykt anarkist. Han svevde over vatna, med hovudet i ei sky av fransk modernisme og føtene i midthordlandsk bonderealisme. Hovland styrkte vestlendingens tru på det sanselege, han gav Ivar Aasen fargane i kjakane tilbake. Ragnar Hovland er vår redningsmann i mørk dress, hatt og heimelaga kvitvin.

Heile teksten finn du her

Hovland og Tønes reddar kvelden er utvikla av Svidal skriveri med støtte frå Norsk kulturråd og Fritt ord. Program-serien er ein del av litteratursatsinga Rom for ord.