Boknatt i Fjærland

–Boknatta i den norske bokbyen i juni er eit årleg høgdepunkt for litteraturinteresserte i våre distrikt. I år hadde eg gleda av å halde opningstalen og samtale med vinnar av Tarjei Vesaas debutantpris, Lars Svisdal.

Med usynleg skrift 

Opningstale til boknatta 2019

Det er ei stor glede for meg å ynskje dykk alle saman hjarteleg velkomne til den norske bokbyen og boknatta 2019.

Denne norske bokbyen er eit titals bruktbokforretningar og antikvariat i Fjærland.I småhus langs strandkanten i Mundal finst det 4000 hyllemeter med bøker. Husa har tidlegare vore ferjeventerom, fjøs, bank, fryseri og postlokale.

Bokbyen i Fjærland vart opna 23. juni 1996 av kulturminister Åse Kleveland. Det var den åttande bokbyen i Europa, den første i Norden. Initiativet kom frå bygdeutvalet i Fjærland, eit samfunn med 300 fastbuande.

Den første bokbyen i Europa var Hay-on-Wye i Wales, som tøyer røtene attende til 1961, då Richard Booth tok til å selje bruktbøker frå den nedlagde kinoen på staden. Hay-on-Wye var den gongen nesten utdøydd som landsby, men vert no besøkt av over ein million menneske kvart år, har nærare 40 bokutsal og ein verdskjend litteraturfestival kvar vår.

Boknatta har vore arrangert omtrent like lenge som bokbyen her har eksistert, dei første åra kring jonsok, men i seinare år, den første helga i juni – som no. Kanskje ikkje ein verdskjend litteraturfestival, men vi som er her veit at den er vel verdt å kjenne til og komme tilbake til – nesten som i songen: Når du en gang kommer, neste sommer – skal vi atter vere her, eller som i den jødiske helsinga, neste år, i Jerusalem. Har du først vore i bokbyen, kjem du att. Neste år, i Fjærland. Bøkene bind oss til denne staden, og til kvarandre.

Tida går, bøkene består. Ord som er skrivne, er evige. I tusentals av år har menneska delt kunnskap gjennom skrift. Skriftspråket er magi for alle. Magisk, på kva måte då? Kanskje ikkje slik skrifta syner seg på papiret, men slik ho gøymer seg mellom linjene, og slik ho skriv seg inn i deg – med usynleg skrift. Hugsar de då de var små, eller når ungane var små – det fanst tusjar som skreiv med usynleg skrift og andre ein kunne bruke til å fargelegge skrifta slik at den kunne tydast.

Å lese er ei trening i å leve, når vi les vert vi kjende med kvarandre og oss sjølve – Forteljingar inviterer oss i inn i andre si verd, og der, saman med andre, kan vi finne oss sjølve. God litteratur skriv seg inn i oss med usynleg skrift, til meir vi les, til meir kan vi fargelegge – tolke og forstå den usynlege skrifta – kva kunnskapar kjem til syne? God litteratur gjev oss perspektiv på kven vi er og vil vere, og korleis vi kan ha det godt i lag med andre, som er annleis enn oss sjølve.

Tusenvis av hyllemeter – spennet og spekteret er kollosalt – programmet på boknatta speglar ei slik breidde – vi har alt fått sjå nærare på messeboka i Nidaros frå år 1519, ei av dei fyrste bokene som vart trykt her til lands. Nytt i år er guida vandringstur mellom bokhyllene i bokbyen. Litteratur og musikk for barn, mannskor, utekonsert og bokmarknad. Litterære samtalar og foredrag. Ein driftig djevel frå Bergen og ein ordkunstnar frå Nordmøre. Ein levande og ein død. Stor takk til Randi og Marianne og alle de andre for å setje saman eit så variert program og stelle i stand denne eksotiske, herlege bokfesten år etter år. Neste sommer skal vi atter vere her, neste år i Fjærland.

Mengdevis av sjangrar, tusenvis av hyllemeter – Ei historie er likevel viktigare enn alle andre, di eiga.Det er du som skriv di historie, du bestemmer kva som skal skje i denne forteljinga og korleis det skal gå. Di tid er no.

Som forfattar har du mange valg å ta, eitt er valet av perspektiv. Eg vil vise dykk eit bilde. Sjå for dykk ein buss som køyrer langs ein fjellvegg – fjellet er mørkt og stupbratt.  Men det ligg ved havet med utsikt mot horisonten der sola akkurat no går ned i ein eksplosjon av raudfargar. To passasjerar er med på bussturen. Ein sit på høgre side i bussen, og ser livredd mot den mørke fjellveggen. Den andre sit på venstre side og er fjetra av den fantastiske solnedgangen. Dei er passasjerar på den same turen, og det er du som sit der, men i kva for eit sete? Det ventar deg lys og mørke i dagane dine, sjå mot lyset. Snu deg vekk frå mørkret i livet ditt og sjå mot lyset. Lyrikaren Helge Torvund seier det så fint, i eit lite, fullkome dikt: Lyset du treng, finst.

Det er i dette lyset du ser den usynlege skrifta som ligg mellom linjene i kvardags-skrifta: timeplanar, avtalebøker og forpliktelsar – i dette lyset ser du den usynlege skrifta som minner deg om dei viktige tinga – dei få tinga som betyr noko. Det er berre nokre få ting.

Tusenvis av hyllemeter – og eg finn alltid det eg leitar etter her. Sist eg besøkte bokbyen var til opningshelga første juni. Eg var ute etter dikta til Liv Holtskog frå Telemark. Eg leita, og fann – og vil dele eitt av dikta hennar med dykk:

Det er bare nokre få ting som betyr noko

som gjev svar på vår sjels søkande uro

på våre netters maredraumar

Det utanom oss kan me leggje av

alt kjøpt og betalt

Det er det me fekk:

Evnene, sansane, oppkommene

me må løyse ut, bruke

Oppkommene
kvilegrunnane
straumane

Det Gudgjevne

Det som gror
i det som døyr

Desse lag
må me utfri
for desse straumar er me til.