Bokmeldingar

Garden • Portrett • Program • Prosjekt • Talar • Tekstar

Den andre søstera

Sesong etter sesong sit vi klistra til TV-skjermane for å sjå klarsynte lytte til dei døde og formidle meldingar til oss levande. Ei god spøkelseshistorie ser ikkje ut til å gå av moten. Kan vi tru på dei klarsynte?

Død eller levande

I denne boka møter vi tvillingane Simon og Katrin, som kan kome i kontakt med dei døde. Ein underleg mann bankar på døra og ber om hjelp til å finne dottera si. Ho forsvann for over 30 år sidan. Frå brakkene nede i Bekkadalen høyrer dei gjenferdet etter ein tysk soldat spele pianomusikk. Tvillingane veit at det betyr fare.
Det norske Samlaget

Mareritt

Mia, Mattias og mamma flyttar inn i Gravgata 23. Mia leiker i dokkehuset i hagen. Mattias synst det luktar brent der inne. Om natta bråvaknar han av eit skrik.

Monster-knipe

Sidan sist har eit tredje monster entra scena: Luddmonster, på svensk. Raggmonster, på norsk. Allereie her syner Tove Bakke si styrke som omsetjar. Det lydsterke, biletrike namnet ligg godt i munnen, er kjekt å lese høgt, herme etter og leike seg med.

Pling vaken

God natt, Albert Åberg. Klara frå 2018 er klar til å ta over. Ho har eit friskare, meir insisterande språk. Der Albert her enkelt sa: - Pappa, eg må tisse, ropar Klara: –Eg har så masse tiss i kroppen at eg er heilt gul i auga, mamma! Sjå!

Korleis bli kvitt ei veslesøster?

Boka er ei veslesøster i seg sjølv. Storebrødrene har «Roald Dahl» prenta på bokryggen. Dei kvittar seg med brysame bestemødre og dumme foreldre på same måte: Med herleg humor, fantasifulle overdrivingar og med eit forteljarperspektiv som usvikeleg er på barnet si side.

JoJo

Norsk barneblad har hatt teikneseriar for born på trykk i 112 år. Figurar som Smørbukk og Annika har gjeve ungane gode litterære barndomsopplevingar fram gjennom tidene. Jojo er ein verdig arvtakar.

Skalla

Det magiske sjukehuset er like ekte som det medisinske. Forteljinga spelar på den fine evna barna har til å gå inn og ut av leik og draumar, utan å ta stilling til kva som skjer i røynda og kva som skjer i fantasien.

Pølsetjuven

Som lesar får du leggje augo på noko du ikkje har sett før. Bodskapen derimot, er ein klassikar: Alle er forskjellige, men inni er vi like. Kven drøymer ikkje om å vere noko anna?

10 ville ekspedi­sjonar

Det er som ho sa, tanta til Tonje Glimmerdal: Ein treng to ting her i livet: fart og sjølvtillit. Her kjem same bodskapen som fagprosa.

Rikka på ordentlig og forever

Maiken Nylund debuterer med ein barneroman som tek tiåringen sitt perspektiv i ein slik situasjon. Rikka saknar pappa og vil vere meir saman med han, men ikkje denne helga. Det er knute på tråden mellom Rikka og bestevenninna Lise. Dersom ho må dra til pappa no, kjem Lise til å finne seg andre vener.

Smadra

Oda er redd. Mor slår henne så hardt at ho må lyge, både til far, læraren og Milad. Ho seier ho har dårleg balanse og dett når ho syklar. Milad har flykta over havet. Han er også redd. "Smadra" fortel om korleis dei to venene hjelper seg sjølv, ved å hjelpe den andre først.