Lastar Hendingar

« All Events

  • Denne hending er over.

Sju magre og sju feite

12. september 2019 @ 20:00 - 22:00

Litterært kveldssete om bibel og bygdeliv i Myklebust grendehus 

For  500 år sidan vart den fyrste boka  trykt i Noreg. Med støtte frå Nasjonalbiblioteket blir dette jubileet markert med mange ulike arrangement over heile Noreg. «Sju feite og sju magre» er eitt av fleire arrangement  i Jølster som vil markere bokåret. Gode bøker er som gode vener, dei slår følgje gjennom gode og dårlege tider. På kva måte er Bibelen ei slik bok for oss i dag? Kva kan dei bibelske sogene seie oss om det å vere menneske, no? Korleis skriv bibelen seg inn i anna god litteratur? Les vi bibelen annleis no, enn før?

Gjennom program-rekkja «Litteratur i grendehuset» har Jølster bibliotek og Rom for ord i fleire år samarbeidd om å bruke grendehusa på Jølster som våre litteraturhus. Endeleg er turen komen til Myklebust. Det vakre, gule huset ligg heilt nede i strandkanten ved Jølstravatnet. Når du ser ut glaset får du kjensla av å sitje i ein båt. Huset har vore både forsamlingslokale og skulehus. Bokhyller vitnar om den tid då huset også var bibliotek  og preikestolen om gudstenester og forkynning. Den originale astrupfana ber bibelordet: «Eit godt tre ber god frukt».

Vi får besøk av Alf Kjetil Walgermo som er forfattar, journalist og litteraturkritikar.  Han har gitt ut fleire skjønnlitterære bøker og i 2017 kom han ut med den kritikarroste boka «Røff guide til Bibelen», ein kunnskapsrik og lett tilgjengelig guide til Det gamle og Det nye testamentet. Denne kvelden får vi lytte til Walgermo sine tankar om bøkenes bok.  Det blir musikk, mat, prat og allsong, og nokre Jølstringar vil dele minne frå eiga møte med bibelsoga i oppvekst og bygdeliv.

Har du ei bibelsogebok frå skuletida, ei katekismebok, ei gamal songbok eller salmebok eller ein huspostille liggande heime, ta den gjerne med!

Arrangementet er eit samarbeid mellom kyrkja i Jølster, Jølster bibliotek, Rom for ord og Svidal skriveri.

 

Detaljar:

Dato
12. september 2019
Tid:
20:00 - 22:00

Arrangør

Rom for ord

Detaljar:

Dato
12. september 2019
Tid:
20:00 - 22:00

Arrangør

Rom for ord