Lastar Hendingar

« All Events

  • Denne hending er over.

No soli bakom blåe fjell

1. november 2019 @ 20:00 - 21:30

For 150 år sidan gav Elias Blix ut dei første nynorske salmene i heftet «Nokre Salmar, gamle og nye.» I Ørsta, Jølster og Ulvik blir det feira med ei moderne tolking levert av musikarar og formidlarar frå øvste hylle: Marte Eberson, Mats Eilertsen, Siv Øyunn Kjenstad, Tore Brunborg og Frank Kjosås!

Mot slutten av 2018 blei Tore Brunborg kontakta av Nynorsk kultursentrum og spurd om å setje saman eit ensemble som skal framføre tolkingane hans av utvalde Blix-salmar. No er gruppa klar under namnet No soli bakom blåe fjell, og mot slutten av oktober legg dei ut på sin vesle vestlandsturné.

– Salmane til Blix har vore høgt elska, og mange av dei er framleis nokre av dei mest populære i dag, seier Brunborg og nemner kjende salmar som «Med Jesus vil eg fara», «Syng i stille morgonstunder» og «No livnar det i lundar». – Men publikum kan også vente seg nokre vakre melodiar som ikkje er like kjende i vår tid, seier han. Både kjende folketonar og melodiar av komponistar som Ludvig M. Lindeman har blitt brukt til å tonesetje tekstane til Blix.

Ensemblet er ei spennande samansetjing av norske musikarar med eit breitt spekter av erfaringar og prosjekt bak seg. – Det var eit ønske frå vår side at Brunborg skulle setje saman ei gruppe vi ikkje hadde sett før, der også unge utøvarar med nye perspektiv og impulsar var med. Resultatet er meir enn vi kunne drøyme om, seier programansvarleg i Ivar Aasen-tunet, Olav Øyehaug Opsvik.

På trommer er den unge Siv Øyunn Kjenstad, kjend under artistnamnet Øyunn, som også er dottera til Brunborg. Øyunn har mellom anna vore ein viktig del av Bugge Wesseltoft sitt prosjekt, New Conception of Jazz,då det oppstod i ny utgåve i 2016. Pianist Marte Eberson er kanskje mest kjend som ein tidlegare del av den kjende gruppa Highasakite, og har elles mange spennande prosjekt i spenningsfeltet mellom pop og jazz. Bassist Mats Eilertsen har, i likskap med Brunborg sjølv, vore ein del av Tord Gustavsen ensemble, og er elles ein av dei mest renommerte norske jazzmusikarane som er aktive i dag. Skodespelar Frank Kjosås blir vokalist i dette heilt nye ensemblet. Ein kan nok vente seg at fleire i bandet stemmer i.
– Salmetekstane til Blix og dei mange vakre melodiane som følgjer med vil få nytt liv med dette kreative laget! seier Brunborg entusiastisk.

Nynorsk kultursentrum er arrangør i samarbeid med Svidal skriveri på Jølster. Turneen går i gang i Volda kyrkje i regi av Ivar Aasen-tunet, før dei reiser vidare til Jølster. Det heile blir avslutta på Olav H. Hauge-senteret i Ulvik, som også er drifta av Nynorsk kultursentrum.

På Jølster vert konserten arrangert i samarbeid med Jølster Jazzklubb og Ålhus sokneråd fredag 1. november i Vassenden kyrkjesenter.

Detaljar:

Dato
1. november 2019
Tid:
20:00 - 21:30

Arrangør

Rom for ord

Detaljar:

Dato
1. november 2019
Tid:
20:00 - 21:30

Arrangør

Rom for ord