Lastar Hendingar

« All Events

  • Denne hending er over.

Boknatta 2019

1.juni @ 08:00 - 18:00

OFFISIELL OPNING AV BOKNATTA kl 18.00

BOKMARKNAD heile kvelden 
Vil du selje eigne bøker? Sjå informasjon her: Bokmarknad lenke

PROGRAM: (oppdateringer og informasjon om klokkeslett mm. kjem)

Forfattar Lars Svisdal i samtale med litteraturformidlar Janne Karin Støylen
Lars Svisdal (f. 1985) er oppvaksen i Sunndal på Nordmøre, og bur no i Leikanger. Han kom i fjor med ein sterk debutroman «Seg til inkjes». Romanen har fått svært gode meldingar og er tildelt Tajei Vesaas` debutantpris for 2018.

Ein driftig djevel i Bergen. Historia om Mons Litleré
Føredrag ved Jan Olav Gatland som har skrive biografi om Mons Litleré 

Mons Litleré (1867–1895) frå Naustdal i Sunnfjord var ein modig, framsynt og initiativrik gründer. Han var grunnleggaren av profesjonell nynorsk forleggarverksemd og bokproduksjon.

Missale Nidarosiense – føredrag ved prost Kjetil Netland 
Nidaros messeboka frå 1519 – Kva fortel den og andre kjelder om korleis gudstenesta vart feira i Noreg i mellomalderen?
I Bokåret 2019 set vi søkjelyset på Missale Nidarosiense, ei messebok frå Nidaros, trykt i 1519. Dette var ei av dei fyrste bøkene trykt i Noreg. Ho er ein del av Noregs dokumentarv og har 500-års jubileum i år.

Litteraturvandring 
Ei nyhending på programmet i år vert ei guida litterær vandring og oppdagingstur mellom bokhyllene i Bokbyen

Konsert med Olav Stedje 
Utekonsert frå scene på torget i Mundal

Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar (barne/familiekonsert) 
Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar er ein barne/familiekonsert med
nyskriven musikk med nynorske tekstar frå boka med same tittel, forfatta av
Lisbeth Dreyer. Musikken er komponert, og blir framført av musikarane Lena Skjerdal (vokal), Knut Lothe (perkusjon) og Erik Håkon Halvorsen (tangentinstrument).

Detaljar:

Dato
1.juni
Tid:
08:00 - 18:00

Detaljar:

Dato
1.juni
Tid:
08:00 - 18:00