Med bonden til bords

Med bonden til bords vil skape lokale matopplevinger der publikum får møte bøndene og høyre historia om råvarene som ein del av vertskapen kring måltidet. Svidal skriveri formar forteljingane om arbeidet frå jord til bord. Slik byggjer vi forventning til matopplevinga og forståing for vilkåra som gjeld for å hauste ei rein råvare frå eit landskap som vårt.

Sunnfjord er ein region med rike mat-tradisjonar, men landbruket er under press og bøndene er i stor grad råvareprodusentar til samvirke og grossistar. Der andre regionar har utvikla tilfanget av lokalmat som ei merkevere, som på Røros, i områda ved Trondheimsfjorden og kring Dovre, har vi i Sunnfjord mykje ugjort og store mulegheiter for næringsutvikling i møta mellom landbruk, serveringsbransje, reiseliv og kultur.

Det er dette rommet «Med bonden til bords» vil gå inn i, ved å legge til rette for slik møte og setje dei inn i rammer som gir verdiskapande kundeopplevingar.

Utgangspunktet for tiltaket er gardsdrift og tilleggsnæring på eige bruk. Eg eig og driv eit mjølkebruk i grenda Svidal ved Jølstravatnet, og driv «Svidal skriveri» som ei tilleggsnæring på garden. Gjennom skriveriet arrangerer eg kulturprogram med matopplevingar basert på råvarer frå garden. Eg formidlar historier og litteratur både gjennom tekst og munnleg forteljing i møte med publikum.

I prosjektet «Med bonden til bords» vil eg ta desse erfaringane med meg når eg utvidar programmeringa til å omfatte kollegaer i landbruksnæringa i Sunnfjord og fleire aktørar i serveringsbransjen.

Thomas Holme Smådal er kjøkkensjef på Pikant mat- og vinhus og ein engasjert samarbeidspart i satsinga. 

«Med bonden til bords» vil vere ei tredelt satsing der tekst- og formidlingsarbeid er ein del av prosjektet. Kuraterte matopplevingar i samarbeid med utvalde restaurant og serverings-stadar er den andre delen av satsinga. Dertil omfattar prosjektet ei vidareutvikling av garden og grenda som mat- og kulturmøtestad.

Å forme forteljinga

Svidal skriveri har lang erfaring med å forme forteljingar og bodskapar for lokalt reiseliv og kulturliv, gjennom tekstskaping og historieformidling. I prosjektet «Med bonden til bords» vil det bli laga intervju, korte omtalar, foto og vonleg etter kvart også filmar om bøndene som bidrar i dei ulike restaurant-konsepta.

Målet med materialet er på kort sikt å bygge interesse og godt besøkte matopplevingar. På lengre sikt vil slike digitale forteljingar bidra til å auke kjennskapen til det lokale landbruket, til byrgskap mellom bøndene for eige arbeid og til å peike på kva mulegheiter som finst for næringa.

Med bonden til bords i restauranten

 

I samarbeid med utvalde restaurantar, serveringsstadar og matbedrifter vil «Med bonden til bords» invitere til restaurantkveldar der bonden er til stades, presenterer råvarene sine og fortel om si drift og virke. Denne delen av prosjektet har motteke delfinansiering frå Sunnfjord utvikling og vil komande haust og vinter bli prøvd ut som eit samarbeid med Pikant mat- og vinhus.

Kvar siste tysdag i månaden hausten 2021 møter gjestene bønder frå Jølster, Naustdal, Gaular og Førde på Pikant mat og vinhus  Desse fire restaurantkveldane er ein satsplanke for vidare arbeid med kuraterte matopplevingar i fleire restaurantar og serveringsstadar i distriktet.

«Med bonden til bords» hadde premiere tysdag 28. september 2021  på Pikant mat og vinhus.  Denne kvelden stod Jølster på matkartet.

Der møtte gjestene Hilde Søgnesand, Finn Årdal og Camilla Aasen i restauranten, i tillegg til underteikna. Hilde Søgnesand er geitebonde på Kjøsnes.Ho driv i tillegg Jølster bakst, og brenn for geita som ressurs i landskapet vårt. Finn Årdal driv Jølster fiskemottak. Han er ein omtykt og prislønt forvaltar av Jølstra-auren som råvare og innlandsfiske som utgangspunkt for næringsutvikling. Camilla Aasen er gründer med vinproduksjon av frukt og bær frå nærområdet som forretningsidé. Ho er nyetablert på eigen gard i Årdalen, men har allereie mange vinar ferdig lagra for smaking på Pikant denne kvelden.

Sjølv driv eg med utvikling av nisjeprodukt knytt til mjølk og kjøt frå Vestlandsk fjordfe, ein rase med lang og viktig historie i Svidalen, der dei vidgjetne søstrene Berg heldt liv i den utrydningstrua rasen, medan NRF-kyrne tok over som produksjonsdyr.

Med bonden til bords engasjerer dei ulike bøndene for oppdraga med formidling i restauranten, sørgjer for ei god samansetting av bidragsytarar, koordinerer samarbeidet med restauranten og er kjøkemeister under måltidet.  I oktober var det bøndene i Førde sin tur til å fortelje om sine råvarer. Gammalnorsk spælsau i pasta og raudbetar til dessert fall i smak!

Med gjesten til bords i gard og grend.

Som ein del av næringsutviklinga på garden i Janstunet på Jølster, vil eg halde fram med å utvikle «Gjestebod i grendehuset» som mat- og kulturoppleving.

Mitt lille kjøkken ved kokk Christel Eide er engasjert i å skape matopplevingar i autentiske rammer ute i grendene. 

Grendehusa er autentiske rom med særmerkt historie som tilfører noko til opplevinga. Her vil vi sjå etter samarbeid med lokale tradisjonsberarar, gjennom bygdekvinnelag og grendelag, til dømes. Lokale oppskrifter og spesialitetar er interessant å leite etter, på same tid som profesjonelle kokkar er med på laget og ein kan stå i kjøkkenet saman.

Ved å arrangere slike «Gjestebod» i grendene i regionen er det muleg å gå direkte til bøndene i det aktuelle lokalmiljøet og hente ut råvarene så nær lokalet som råd her. Målgruppa for gjesteboda er likevel ikkje berre dei lokalt fastbuande, men tilreisande like mykje. Ved å kople kulturinnslag av høg kvalitet til matserveringa skaper vi ei eksklusiv og attraktiv oppleving i autentiske rammer der verdiskapinga skjer på fleire måtar og nivå.

Å bruke landskapet ved vatnet og på fjellet som møteplass for matopplevingar er også nærliggande. Små selskap kan få tilbod om eksklusiv servering i eit naust eller på ein støyl.

Heiltsteikt ytrefilet med tilbehør, kokkelert i vedomnen i selet vårt på Svidalsstøylen. 

Svidal grendehus i heimbygda Jølster, fullsett for litterært gjestebod i påska 2019. 

MÅLSETTINGAR OG EFFEKTAR

*Auka forståing og interesse for lokal matproduksjon

*Auka kjennskap til og innkjøp av produkt frå lokale produsentar i restaurantbransjen

*Inspirere til produktutvikling i landbruksnæringa

*Bidra til meir bevisste forbrukarval mellom fastbuande og tilreisande

*Bidra til betre og meir miljøvenleg ressursutnytting lokalt

*Legge til rette for verdiskapande kundeopplevingar i regionen

*Peike på mulegheiter for å styrke økonomien i næringa og rekrutteringa til yrket.

*Utvikle verksemda på eigen gard slik at Janstunet kan bli ein arbeidsplass for fleire.

«Med bonden til bords» er unikt i sitt slag her i distriktet. Prosjektet vert rigga for samarbeid med mange aktørar, alt etter interesse og engasjement for denne forma for matoppleving og formidling.Tiltaket har ambisjon om å vere breitt styrkande for lokal verdiskaping knytt til mat og kultur-opplevingar.

Intimkonsert med Stein Torleif Bjella i Svidal grendehus mellom houvdrett og dessert i litterært gjestebod påska 2019.