Om å søkke eller flyte

Å vente på ei ny barnebok av Rune Belsvik er som å venta på regn over molda om våren.

Forfattar: Rune Belsvik
Sjanger: Barneroman
Tittel: Fugleguten
Forlag: Det norske Samlaget

Endeleg kan ein få drikke seg utørst i det reine, friske språket som sildrar og renn over sidene som kjeldevatn.

«Fugleguten» fortel om Lukas. Han kan vere åtte-ni år gamal. Belsvik er ein meister i å skrive til, og frå, barnet i seg. Perspektivet ligg hjå guten. Vi ser det han ser, forstår det han forstår og undrar oss over korleis alt plutseleg kan bli kjekt av seg sjølv, før alt som var kjekt, er borte igjen: «Han orkar kanskje ingenting. Han passar ikkje inn ved dette bordet.»

Lukas prøver å halde fast i det kjekke, slik han held fast i fuglane han matar og temmer. Det går ikkje. Anten flyg dei sin veg, eller så døyr dei.

Sjølv om forteljarperspektivet ligg hjå Lukas, er lesarperspektivet litt vidare. Vidt nok til at vi skjønar at ting slett ikkje er slik han fryktar: Mamma er like glad i Lukas som i veslesøster Alma. Pappa er stolt av guten sin. Dei andre i klassen vil komme i bursdagen. Nico er ein ekte, god ven som bryr seg om han: «Dei snakkar om kva for eit tre dei ville bygge reir i, visst dei var fuglar.»

Spennet mellom Lukas si oppleving av hendingane, og det som faktisk skjer vert tydeleg. Lukas kunne hatt det godt, om det ikkje var for dei vanskelege oppfatningane og tolkingane som plagar han. I Belsvik sin skrivekunst finst vegar vekk frå slike vonde tankar.