Amazing frå Ane Barmen

«Ein kan leve ein tysdag. Ein kan døy ein onsdag. Du finst. Og så finst du ikkje.»

Forfattar: Ane Barmen
Sjanger: Ungdomsroman 
Tittel: Draumar betyr ingenting
Forlag: Gyldendal

Ein ung gut døyr i ei mobed-ulukke vi aldri får lese om, men som alt kretsar i kring og spring utifrå. Louise mistar sin beste ven og kjæreste.

«Ein kan leve ein tysdag. Ein kan døy ein onsdag. Du finst. Og så finst du ikkje.»

Louise deler ikkje sorga på sosiale media, snakkar ikkje om tapet, gret ikkje. Men hjartet slår alt for fort, ho søv dårleg og drøymer om Tormod.

Vi møter henne eit år etter ulukka, då bestemora også døyr. Louise må dra heim att til mora som grånar mellom kvitt veggpanel, kubbelys, duskar og HOME-klossar i glaskarmane.

I Louise sin familie er det ein spesialitet å le utan å lage lyd, men nokre av scenene er så godt fortalde at dei eksploderer i hovudet. Alt blir levande i dei mangfaldige og sanselege skildringane, anten om dei er til å le, grøsse eller gråte av.

Då storesøstra skjemmer seg ut med ei eigeninitiert, tonedøv soloframføring av «Amazing grace» i gravferda til bestemora, får ho skryt frå tantene for si fantastiske formidlingsglede.

Det store persongalleriet verkar til å inspirere forfattaren si formidlingsglede på ein langt meir vellukka måte.

Det er som om boka strekkjer seg mot å gjere lesaren klokare. Og gladere, kanskje?  Denne debuten vil eg setje to strekar under.