Polyanna i ny tapping

Barnelesaren vil la seg underhalde og engasjere medan det moralske prosjektet utfaldar seg mellom linjene.

Forfattar: Ingeborg Arvola og Nora Brech (ill.)
Sjanger: Barneroman
Tittel: Buffy By er talentfull
Forlag: Cappelen Damm

Ulikheitene aukar i velferdsstaten. Dei rike dreg i frå. Fleire har mindre å rutte med. «Buffy By er talentfull – en selvbiografi» er den første forteljinga om sjetteklassingen Buffy, ei fattig jente i rike Oslo.

Det tapre barnet er ein gjennomgangsfigur i Ingeborg Arvola sin forfattarskap. Denne nye serien har eit klart samfunnskritisk utgangspunkt. Rettferdig fordeling er eit rettskraftig prinsipp ned til minste knekkebrødsmule.

For det er knekkebrød som gjeld heime hjå Buffy,- til frukost, middag og kvelds. Dei eig ikkje mykje, men er rike på menneskelege ressursar.

Buffy oppdagar at ho har eit stort talent: I slalom. Hindringane er mange for ei fattig jente som vil bli god i ei kostbar idrettsgrein, men Buffy er ustoppeleg og ukueleg.

Ingeborg Arvola si nye heltinne driv med ein type vere glad-leik som minner om ein av dei store klassikarane i barnebokhylla. Eleanor H. Porter sin roman «Polyanna» frå 1913 sette ein inspirerande, men urealistisk standard for kor positivt ein barnelitterær karakter kan klare å tenkje om situasjonen ein er sett til å leve under.

Slik er det også i denne forteljinga. Forfattaren overdriv, men får det til å fungere som fiksjon. Språkleg svingar det godt, med friske replikkar og leikne skildringar.

Barnelesaren vil la seg underhalde og engasjere medan det moralske prosjektet utfaldar seg mellom linjene.