Om moderne barndom med klassisk vri

Med galne påfunn og barnleg overmot vinkar Sander til andre antiheltar i litteraturhistoria, og står fram som ein moderne Tom Sawyer for ein ny generasjon lesarar.

Forfattar: Harald Nordtun
Sjanger: Barneroman
Tittel: Blå flaggermus
Forlag: Det norske Samlaget

Fleire av forfattarane i barnebokhausten ser nærare på korleis det er å vekse opp i ulike typar moderne familiar. Harald Nortun og Heidi Linde skriv om ungar som strevar med konsekvensane av dei vala foreldra tek og har tatt. Både Sander i «Blå flaggermus» og Olivia i «Olivias liv» manøvrer som best dei kan i ein kvardag der kjernefamilien i tradisjonell forstand er langt utanfor rekkevidde.

Sander og Olivia prøver å tenkje positivt og sjå lyst på situasjonen sin. Når det ikkje nyttar, tek dei grep og går til aksjon. Uventa hjelp utanfrå løyser flokane for begge to.

 

I «Blå flaggermus» møter vi Sander og Tomas. Dei er bestekameratar, det er sommarferie og til hausten skal dei byrje i sjuande klasse i lag. Tomas har familie, smart-telefon og skal på ferie. Sander bur aleine med mor si, telefonen hans har verken kamera eller sim-kort og ferie kan han berre drøyme om. Sander tenkjer om mor si at ho er eit romvesen: Ho vaskar rom på hotellet i bygda.

«Blå flaggermus» kan lesast på mange ulike måtar, og kan difor fungere godt for ulike typar lesarar. Den gjennomgåande bodskapen dreier seg om eigenverd, fridom og integritet. Undervegs lukkast Nortun både i å underhalde, skape spenning og stoppe heilt opp ved ei uventa og poetisk sommarforelsking.

Trass i at draumen om ein ny mobiltelefon er ein drivar i forteljinga, minner skildringane om klassiske kameratskap i barnebokhylla, der naturen er leikegrind og autoritetar står for fall.

Med galne påfunn og barnleg overmot vinkar Sander til andre antiheltar i litteraturhistoria, og står fram som ein moderne Tom Sawyer for ein ny generasjon lesarar.