Så kjekt at ein mistar vit og forstand

– Du blir ikkje sliten, du blir ikkje trøytt. Du vil berre spele! – Jau, du blir veldig trøtt. Men på ein veldig hyggeleg måte.

Ein prat med Sigrid Moldestad og Gabriel Fliflet før Førdefestivalen i 2017 

– Kvar gong du går på scena må du bestemme deg for å gje alt, ditt beste. Av og til er det lett, av og til  må du kjempe med deg sjølv. Ikkje gå på akkord med det du veit du er god for. Skal eg gå ned, skal eg gå ned med flagget til topps, forklarar Gabriel Fliflet etter å ha bedt om orsaking for at han er litt sein til avtalen vår denne vårdagen i Bergen. –Det tok heilt av oppe på eldresenteret, skjønar du. Eg spelar konsertar for eldre denne veka, og i dag blei det veldig gøy, ler han.

Sigrid: Av og til er det forvirrande også. Eg hugsar første gongen Liv Merethe og eg skulle spele på Vinstra.

Gabriel: Ojojoj.

Ja, dei hadde jo steinansikt heile gjengen! Stille og stive sat dei, mange med armane i kors. Vi var heilt sikre på at dette hadde gått skikkeleg dårleg. Men etterpå! Dei var så glade og overstrøymande. Dei hadde lytta til oss og tatt oss på alvor som musikarar. Det som såg ut som kritikk og avvising var konsentrasjon og innleving.

 

Gabriel: Ja, Noreg er verkeleg snålt og mangfoldig. I nokre strøk syner folk lettare kjenslene sine. Andre stader, som t.d. der Sigrid var, bør helst nokon ha fortalt deg på forhånd at publikum faktisk kan like deg sjølv om det ikkje ser slik ut.

Eg noterer mine ulike fordommar og forventningar til finnmarkingar, gudbrandsdølar eller sogningar. Og eg humrar godt  når publikum oppfører seg i tråd med mine notatar. I Sunnfjord forventar eg at publikum vil vere dresserte og avventande. Men det hender, og ofte på Førdefestivalen, at ting tar ei heilt anna retning!

Sigrid: Tenk på dei som kjem då, for eksempel frå Brasil, til Førde for å piske opp stemninga der. For å få sunnfjordingane fram golvet og riste på rumpa. Kva tenkjer dei om oss? Korleis har dei det på scena? Eg håpar dei ser at det finst ei indre, oppdemt musikkglede i publikum som får utløp på Førdefestivalen.

Gabriel: Ja, eg trur kjensla av at dei andre ikkje er så forskjellige frå meg og deg er ei kjerne i festivalopplevinga, både for publikum og musikarar. Det unike med Førdefestivalen er faktisk den solide lokale forankringa. At staden dette foregår faktisk har noko med det som foregår å gjere! Røtene går djupt i Indre Sunnfjord Spelemannslag og den lokale folkemusikken.  Den eigne kulturen har alltid vore løfta fram og iscenesett på festivalen.

Sigrid: Heilt einig! Miljøet vårt i Sogn og Fjordane og på Vestlandet har blitt anerkjent heile vegen. Så har vi blitt tryggare på at vi og har noko, vår arv er også verdifull. Når du står der side om side med det beste frå Argentina eller Algerie og høyrer at her er det noko som liknar, noko som stemmer.

«Eg hugsar nattmøtet mellom Sigmund Eikås og den gale førstefiolinisten i Taraf de Haïdouks. Fantastisk! Dei beste vi har møter dei beste frå verda. Slik skal det vere!»

GABRIEL FLIFLET

Gabriel: Tekstar er ofte overvurderte. Eg spelte nokre år i eit gresk orkester her i byen. Melodiene var vidunderlige, men orda som gjekk igjen synte seg å  vere hjerte, smerte, måne og dine store, svarte øyne. Du skjønar veldig fort kor slikt kjem til å ende! Og som musikar skjønar du veldig fort at melodiane er mykje betre enn desse tekstane.

Sigrid: Måne, faktisk?

Gabriel: Ja, ikkje sånn som menn får på hovudet, då. Månen på himmelen, forstår du vel!

Sigrid: Eg er også veldig imponert over kor godt festivalen vernar om folkemusikken. Førdefestivalen er streng og tydeleg, og det har gjort dei til ein trygg festival.

Gabriel: Eg kunne ikkje vore meir einig! Det er framleis heilt rimeleg å bruke ordet ”folkemusikk” om det som foregår på folkemusikkfestivalen. På beslekta festivalar elles i Europa dominerar ofte verdsmusikken – med mykje av rockens ideal, kraftig bass og trommer, eit metta lydbilete og slikt som høver på svære scener. Den lokale tradisjonen vert bortgløymd. Men sjela i folkemusikken ligg nettopp i det vesle formatet, i den tette kontakten som kan oppstå i ei lita stove eller ein bar. Desse møta gjev Førdefestivalen rom for, i tillegg til dei store sceneframsyningane, og det skal dei ha ros for!

Sigrid: Som du skjønar er vi veldig glade i festivalen. Skriv det! Eg kjenner meg alltid nyforelska når eg er i Førde, forelska i musikken og dei andre musikarane som ein endeleg, endeleg får møte og spele saman med. Ein mistar vit og forstand fordi det er så kjekt!

Gabriel: Kanskje festivalen kunne planlegge at det var noko dei ikkje skulle planlegge? Profesjonaliteten kan kanskje også brukast til det? Å lage nokon rammer som er så frie og opne at ein kan gå inn med heile seg i ein  glad musikkrus utan å få beskjed om å gå og legge seg? Det ynskjer vi oss! Skriv det!

Sigrid: I Sunnfjord er det jo framleis litt sånn: Kan det vere nødvendig? Er det ikkje greit som det er? Kan vi ikkje berre ha det slik vi har det? Det kan eg seie, som Nordfjording!

Gabriel: Ja, det er nødvendig. Det er nødvendig å få spele saman, å få le saman, å få leve litt. Saman. Skriv det.

Les meir her